Til innhold

Reidar Meel

Reidar Meel
Eg er 57 år, utdanna Høgskulekandidat i
samfunnsplanlegging ved Høgskulen i
Volda 1984-1987. Har jobba 30 år i Ulvik
herad i rådmannens stab, siste 15 åra
som assisterande rådmann. I perioden
2017-2019 har eg jobba som prosjektleiar
for arbeidet med ny kommuneplan for
Voss herad. Frå 1. september 2019 byrjar
eg som organisasjonssjef i rådmannens
stab i Eidfjord kommune.
«Eg er oppteken av at innbyggjarane får
dei tenestene dei har krav på.
Basistenestene våre; oppvekst og helseog
omsorg vil vera fyrsteprioritet for meg.
Det vil eg syna i praktisk politikk. Elles er
eg som Venstrepolitikar oppteken av
klima og miljø. Ulvik må få temaplanen
for klima og miljø opp på den politiske
dagsorden. Lokalsamfunnet må utvikla
seg i tråd med FN sine berekraftmål.
Viktig for meg er; sosial, økonomisk og
miljømessig berekraft. Eg er også
oppteken av innovasjon og utvikling.
Landbruk og turisme må samhandla for å
gjera Ulvik endå meir attraktiv ovanfor
tilflyttarar, turistar og nye verksemder.
Me må ha byggeklare tomter til dei som
vil flytta til Ulvik. Vidare meiner eg at
Ulvik-samfunnet må få meir igjen av
satsinga gjennom næringsfondet. Venstre
vil ha ein gjennomgang av fondsbruken»