Til innhold

Synnøve Handeland

Eit mangfaldig samfunn er eit godt samfunn. Eg brenn for at Kvinnherad skal vere ein god stad å bu i for alle!

Synnøve er gift, har 4 born og er busett på Valen. Ho arbeider som advokat med eigen praksis og er eigedomsmeklar hjå Aktiv Eiendomsmegling.

Ho har tidlegare vore fylkesleiar for Hordaland Venstre og varaordførar for Venstre. Ho er no lokallagsleiar for Kvinnherad Venstre og er elles engasjert i frivillig lagsarbeid m.a. i Valedamene. Synnøve brenn for utvikling av fleire arbeidsplassar, god samferdsle og trygge oppvekstvilkår for barn og unge.

Røyst Venstre og Synnøve inn i kommunestyret 09.september!