Nina Østebø

Nina har vore med i Venstre sidan 2003. Ho sitt i kommunestyret i Suldal og er leiar i Suldal Venstre, driv eiga konsulentverksemd og har fleire styreverv, mellom anna i Rogaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Nina Østebø

Foto: Venstre

– Eg har alltid vore samfunnsengasjert og då er det kjekt å få melde seg til teneste i politikken. Venstres “Frihet under ansvar” treff meg veldig godt. Mine hjartesaker er;
1. Betre kommunikasjonar, både når det gjeld veg, båt, buss, ferge og breiband. Suldal treng fleire vegar med gul midtstripe, båttilbodet må oppretthaldast og eit breiband med god kapasitet må bli eit tilbod til alle.
2. Næringsliv og gründerverksemd. Skape eit klima som stimulerar til eit nyskapande og utviklande næringsliv.
3. Levande bygder kor kommunen skal bygge opp under dei frivillige organisasjonane si viktig rolle.

– Suldal treng levande grender og eit attraktivt kommunesenter. Eg vil arbeida for at folk vil bu i heile kommunen og at verksemder har gode vilkår. Kommunen har store avstandar og sterke grender som det er viktig å ta vare på. Dette krev litt ekstra av dei folkevalte — at dei må sjå kvar grend og forstå dei ulike utfordringane som finst. Som tilflyttar i frå Stavanger syns eg at noko av det finaste med Suldal er alt det frivillige arbeidet som blir gjort her.

Kontakt: [email protected]
mobil: 90 99 63 24

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**