Uttalelse: Stopp nedbygging av matjorda — styrk landbruket

Stopp for nedbygging av matjord er temaet i en av uttalelsene vedtatt på Rogaland Venstre sitt fylkesårsmøte søndag 9. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Landbruk

Foto: RH

Den mest produktive matjorda i landet ligg i Rogaland, Trøndelag og nær byane på Austlandet. Denne jorda er ein ikkje-fornybar verdifull ressurs. Det er også denne sentrale matjorda som er under sterkast press frå utbyggingsinteresser og som står i fare for å bli dekka av asfalt og betong. For å sikre at jorda skal kunne gi framtidige generasjonar mat på bordet meiner Rogaland Venstre det trengs ein nasjonal jordvernplan.

For å sikre eit solid jordvern treng ein også ein fornuftig landbrukspolitikk. Det må vere lønsamt nok å drive jorda til at bonden ønskjer å dyrke mat og halde jorda i hevd, både på store og mindre gardsbruk. Rogaland Venstre vil ha ein heilskapleg gjennomgang og modernisering av landbrukspolitikken, for å sikre bonden god økonomisk tryggleik til å møte framtidas behov for matproduksjon. Vidare meiner Rogaland Venstre at dette må inngå som ein premiss i vurderinga av ny kommunestruktur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**