Følg seglasen på http://msvalfisk.wordpress.com/

Venstre seglar Sogn og Fjordane rundt på 30 dagar. Etter den offisielle valkampopninga på kaia i Florø, starta M/S Valfisk på ei seglingsrute som vil ta Venstre innom samtlege kommunar i fylket i løpet av 30 dagar. Seglasen vert avslutta 5. september, ni dagar før stortingsvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

M/S Valfisk

M/S Valfisk

Om bord finn du Sveinung Rotevatn (22) og Janne Sørum (25), som arbeider som valkampsekretærar for fylkeslaget. Dei har fast kontor ombord i båten, og nyttar denne som valkampsentral i kampen for å sikre attval for stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen.

Båteigar Kåre Jarl Langeland

Båteigar Kåre Jarl Langeland

Venstremannen Kåre Jarl Langeland og fylkespolitikar frå Bremanger eig båten og skipper er Jostein Nødseth.

 Skipper Svein Olav Igland

Skipper Svein Olav Igland

Følg seglasen frå blogg på http://msvalfisk.wordpress.com/ Du finn den også under menylinja til Venstre.

Også Gunvald kjem til å vere ombord store delar av turen, saman med andre Venstrevener frå heile fylket. Skip o’hoi!

 Gunvald vinker til folket på kaia

Gunvald vinker til folket på kaia
Foto: Linda Ness Rotihaug

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**