Bompengar i Fatlaberget- Svar til Leikanger AP

5 vekers stenging i Fatlaberget er bakgrunnen for at Leikanger Venstre og eg som fylkestingsmedlem har engasjert oss i å få tatt opp finansieringa av rassikringa på nytt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Etter denne vinteren ville ikkje bompengefinasiering vore tema i det heile om vi skulle tatt stilling til saka no. Vi ønskjer derfor å øve påtrykk for at denne nye situasjonen også må tilseie at staten tar ansvaret for fullfinansiering av heilårsveg mellom Leikanger og Sogndal.

For oss er det uaktuelt å stogge framdrifta i prosjektet. Det vil vere konsekvensen av framlegget frå Leikanger AP om å be fylkestinget vurdere prioriteringa mellom rassikringsprosjekta. Fatlaberget, Kjøsnesfjorden, Naustbukti og Gullringen må i det minste fullførast innafor dei tidsrammer som no er vedteke.

Regjeringa har tidlegare varsla auke i løyvingane til rassikring. Fylkestinget, og alle dei politiske partia, har tidlegare kravd det same. Då må vi einast i kampen for å få vår rettmessige del av auka løyvingar. For utanforståande er det lett forståeleg at trygg heilårsveg er eit statleg ansvar å fullfinansiere. Når vegen i tillegg er ein viktig veg for næringslivet, og pulsåra mellom fylket sitt administrasjonssenter på Leikanger og regionsenteret i Sogndal, styrkar dette saka.

Mi oppmoding er at vi samlar oss om å halde vedteken framdrift i Fatlaberget, men ber fylkestinget medverke til at fylket får meir midlar til rassikring, og at desse vert nytta til å fjerne ei urimeleg bompengefinansiering i Fatlaberget. Det vil tene alle pendlarane, næringslivet og borgarane i kommunane våre.

Rolf Nesheim
Gruppeleiar i Leikanger Venstre og fylkestingsmedlem for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**