Venstre varslar kamp om pappapermen

– Far må kunne vere heime med barnet sitt. Det er viktig for likestillinga i arbeidslivet, for dei fleste fedre og for barnet sjølv. Difor er pappapermisjon med eiga fedrekvote viktig for Venstre, seier Sogn og Fjordane Venstre sin førstekandidat, Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn på LPN 2013

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Venstre foreslår ei tredeling av permisjonen, der mor og far blir likestilte gjennom lik mødre- og fedrekvote. – Ei tredeling av permisjonen inneberer tre færre veker som kun er for mor, og tre fleire for far. Samtidig gjev det full fridom i dei øvrige 18 vekene. Det ligg også mykje fleksibilitet i å velje 80 prosent dekningsgrad og utvide talet på permisjonsveker, seier Sveinung Rotevatn.

Forskning har vist at pappaperm fremjar likestilling gjennom ei jamnare fordeling av husarbeid mellom mor og far. I tillegg har forskarane Andreas Kotsadam og Henning Finseraas ved Institutt for samfunnsforskning nyleg slått fast at ordninga har ein utjamnande effekt på barn av ulikt kjønn.

– Dersom fedre tar ut nesten like mykje foreldrepermisjon som kvinner, slik det vil bli med Venstre sin modell, er det ingen grunn til at arbeidsgjevarar skal føretrekke å tilsette unge menn. Vi meiner også at barn har behov for samvær og nærleik med både mor og far, og vi fryktar også at fjerning av fedrekvoten vil føre til at barna får mindre tid saman med far, seier Sveinung Rotevatn.

På Island har dei ei tredeling, og der tar far ut ein av tre permisjonsdagar. Finland og Danmark fjerna fedrekvoten i fjor, og der tar fedre ut mindre enn ein av ti permisjonsdagar.

– Fedrekvoten sikrar at barn får tidleg og god kontakt med far. Det er viktig for Venstre. Det er med andre ord ein skilnad på om vi får ei mørkleblå regjering eller ei blågrøn regjering med eit sterkt Venstre, seier Sveinung Rotevatn

– Vårt standpunkt er klart: Vi vi halde på og styrke pappapermen, avsluttar Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**