Førstekandidat Marit Barsnes Krogsæter:

Venstre vil ha ein forpliktande klimaplan

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Marit Barsner Krogsæter

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Venstre vil ha ein forpliktande klimaplan.

Meir enn noko gong må miljøet takast med i regnestykket når vi ser på kostnader ved samfunnsutvikling. Sogn og Fjordane Venstre vil redusere klimagassutsleppa i fylket med minst 30% innan 2020.

For å nå dette målet vil Venstre at fylkeskommunen utarbeider ein forpliktande klimaplan. Planen må innehalde både klimatiltak som gir reduksjon i utsleppa av klimagassar og tiltak som reduserer verknadane av klimaendringane.

Som eit av verdas rikaste land, der rikdomen er skapt ved utvinning av olje og gass, har vi eit spesielt ansvar i klimapolitikken. Gjennom ulike miljøtiltak kan mykje gjerast lokalt.
Her vil eg berre peike på ein par ting vi kan gjere for reduksjon i CO2 — utsleppa.
Sørgje for eit godt utbygd gang- og sykkel vegnett.
Bruke krattskogen til bioenergi.

Venstre vil at det blir bygd fleire gang- og sykkelvegar. Dersom vi får trygge skulevegar slepp foreldra å køyre barn og ungdomar til skule og fritidsaktivitetar. Det vil redusere CO2-utsleppa og det vil gje betre fysisk fostring blant barn og ungdom.

I Sogn og Fjordane er gjengroing av kulturlandskapet eit problem. Vi vil at det skal forskast meir på utvinning av bioenergi frå krattskogen lokalt. Ved å utnytte krattskogen til produksjon av bioenergi , reduserer vi CO2 —utsleppa på same tid som vi pleier kulturlandskapa. Dette kan skape gode næringar i bygdene her.

Fylkeskommunen har eit stort potensial for reduksjon av utslepp frå deira eigen bygningsmasse, til dømes å ta i bruk miljøvenleg oppvarming og straumsparing.

Geologar og geofysikarar veit mykje om kva som vil skje dersom klimaet endrar seg , Venstre vil at denne kunnskapen blir lagt til grunn når planar skal utarbeidast.

Sogn og Fjordane er storprodusent og storeksportør av vasskraft. Overføringslinjene er store inngrep i både urøyrd natur og i bustadområde. Kostnadane ved fôrringing av urøyrd natur og bandlegging av utviklingsområde må takast med i regnestykket når nye overføringslinjer skal planleggast. Sogn og Fjordane Venstre krev framtidsretta løysingar i form av kabling og sanering av eksisterande linjer.

Marit Barsnes Krogsæter
1. kandidat Venstre Sogn og Fjordane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**