1. kandidat Marit Barsnes Krogsæter

Fylket treng ein kystveg!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Fylket treng ein kystveg!

Ein kystveg er viktig for næringslivet, folketalsutviklinga, for miljøet og heile fylket!

Fylkestinget har gjort vedtak om at fylket skal ha ein kystveg. Venstre ser det som naturleg å starte denne kystvegen frå nord og knyte saman Vågsøy, Bremanger og Flora. Venstre meiner at ein kystveg er så viktig for utviklinga av fylket at vi må få brukryssinga i ytre Nordfjord inn på Nasjonal Transportplan for perioden 2010-2019. Vi må vere i løyvingsposisjon når dei prioriterte prosjekta Bremangersambandet, Dalsfjordsambandet og Olden-Innvik er fullførte. Difor bør dei aktuelle kommunane starte opp reguleringsplanarbeidet snarast råd.

Ein felles arbeidsmarknad frå Flora til Vågsøy vil stimulere til tilflytting og auka vekst. Det eksisterande næringslivet vil å få store fordelar med ein kystveg. Han vil også gje nyetableringar som er viktige for meir mangfald i næringslivet. Det treng vi!

For tida arbeider Elkem med eventuell lokalisering av miljøvennleg og framtidsretta industriproduksjon i Svelgen. Både nasjonalt og internasjonalt er dette viktig i kampen mot klimaendringane.

Kompetansen har dei i Svelgen, men to hovudutfordringar peikar seg ut. Den eine er tilgangen på arbeidskraft, mens den andre er betre vegar. Fullføring av Bremangersambandet og bru over Vemmålsvik-Risøy vil kunne løyse begge desse utfordringane gjennom at omlandet for rekruttering av arbeidskraft vert vesentleg utvida.

Stamvegen er valt og Venstre vil ikkje ha nokon omkamp om denne.
Venstre ser ingen motsetnader mellom ferjefri kryssing av stamvegen mellom Anda-Lote og ferjefri kryssing Vemmålsvik-Risøy som eit riksvegsamband. Bakgrunnen for dette er nettopp at Anda-Lote er stamveg, mens det andre krev riksvegløyvingar. Det første avgjer staten, mens det andre i praksis blir avgjort av fylkestinget.

Marit Barsnes Krogsaeter

Foto: Marta Kvikne

Marit Barsnes Krogsæter
1. kandidat Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**