Lesarinnlegg frå fylkestingsrepresentant Harald Lindvik og 2. kandidat Klaus Iversen

Miljøavtale for fiskeflåten hastar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre er ein pådrivar for reduserte miljøutslepp. Ved å utvikle og ta i bruk ny teknologi kan fiskeflåten bidra til vesentlege reduksjonar i Nox-utsleppa. Det har også næringa ivra for. Då blir det uforståeleg at regjeringa ikkje bidreg til å få på plass slik miljøavtale, men tviheld på at Nox-avgifta skal gå som rein skattlegging til felleskassen.

Fiskeflåten sine rammevilkår har endra seg dramatisk gjennom innføringa av nettolønsordninga som kjem konkurrerande verksemd til gode, stillstand i fiskarfrådraget og no Nox-avgifta.

Venstre har i sine budsjettframlegg lagt til grunn auka løyvingar for å motverke kostnadsauken fiskeflåten får som ein konsekvens av avgifta. Vi er ute etter reduserte miljøutslepp, ikkje pengar for å finansiere maksimalpris i barnehagar eller andre ting vi måtte ønskje.

Skal vi kunne hauste frå havet må vi sikre at vi også i framtida har folk på kysten som vil satse kapital og utdanne seg til yrket. Slik det er no gjev fiskarar opp og avviklar fisket eller bygger skipa om til anna verksemd. Det kan vi ikkje leve med. Og det var vel heller ikkje meininga då Nox-avgifta vart innført.

Regjeringa må snarast syte for å få på plass ein miljøavtale som gjer at avgifta går til å utvikle ny teknologi som bidreg til reduserte miljøutslepp. Regelverket om berekning og innbetaling av avgifta må utformast slik at alle bidreg uavhengig av kva aktivitet dei har. Då vil belastninga på dei ulike aktørane bli vesentleg mindre. Dette vil også kunne medverke til at reiselivsnæringa får nye anløp i staden for kanselleringar slik vi ser i dag.

Harald Lindvik
Fylkesutvalsmedlem.
Sogn og Fjordane Venstre.

Klaus Iversen,
2. kandidat til fylkestinget,
Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**