Ellen Borch Veum, Luster skriv:

Svar til Djuvik – Sogn og Fjordane teater

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Teateret er eit spørsmål om verdiar. Venstre meiner kultur har ein eigenverdi, og at teateret er ein vesentleg bidragsytar til livsglede, samfunnsdebatt og menneskeleg utvikling i Sogn og Fjordane.

Venstre har satsing på sentra som ei hovudsak i valkampen for å gje ein ny giv til fylket og auka folketal. Venstre sin ordførarkandidat i Førde, Jan Taule, har teke til orde for at Førde må vere seg bevisst sitt ansvar som fylkessenter og skape vekst og utvikling saman med resten av fylket. Kort og godt skape auka oppslutnad om Førde som fylkessenter og vekst der dette er naturleg. I følgje Taule er kulturen eitt av dei områda Førde må satse på for å vekse. Det er eg samd med han i.

Eg tykkjer Djuvik og Frp bør lytte til Jan Taule, når han oppmodar til å byggje alliansar i staden for å rive dei ned. Å sjå på tilskotet til Sogn og Fjordane Teater som ei investering som finansierer seg sjølv, gjev eit mykje breiare og folkeleg kulturtilbod og ein flott mulegheit til å medverke til at vi utviklar fylket saman. Det siste vil kunne gje Førde ein heilt annan status enn det har i dag. Det vil gjere fylkessenteret til hovudmotoren i den veksten fylket også treng for livskraftige bygder og auke i folketalet.

Djuvik og Frp fokuserer på at teateret er ei årleg utgift på kr. 800.000,-. Men Djuvik må også ta med inntektssida, som t.d. husleigeinntekter til Førdehuset og skatteinntekter til Førde kommune, om han ser på Sogn & Fjordane Teater som "eit økonomisk problem" for Førde kommune.
Slik eg ser det burde Frp sett mykje meir på kva teaterverksemda gir og kan gje Førde og fylket. Teateret bidreg til at Førde både er og står fram som kulturhovudstaden i fylket!

Djuvik peikar på at Frp vil satse på amatørane, og at det gir betre kulturopplevingar. Men dette gjer jo mange kommunar alt i dag! Spørsmålet vert då om vi i tillegg ynskjer profesjonelle som gir inspirasjon og kunnskapsoverføring til dei glade amatørane? Kva hadde Kinnaspelet vore utan dei glade amatørane med alle dugnadstimane saman med Sogn og Fjordane Teater? I same slengen nemner eg og Audun Hugleiksson og Elskhug og Eksis?

Ellen Pauline Borch Veum

Foto: Valavis 2005

Eg vil heller råde Djuvik og Frp til å vere med og diskutere kva funksjon og innhald Sogn & Fjordane Teater skal ha, og korleis teateret kan utviklast og utfordrast vidare for å få eit betre teatermiljø i fylket.
Det vil vere ein mykje meir konstruktiv debatt, enn berre å diskutere for eller mot Sogn & Fjordane Teater!

Ellen Borch Veum
Luster Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**