Fridom og moglegheiter for alle.

Sveinung Rotevatn

Klima- og miljøminister
Stortingskandidat i Hordaland

Sveinung Rotevatn er første nestleiar i Venstre og Klima- og miljøminister i Erna Solbergs blågrønne regjering. Sveinung er tidlegare stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane. Han er fødd i 1987, kjem frå Nordfjordeid og har tidlegare vore leiar i Unge Venstre. Han har også vore vald inn i Eid kommunestyre. Sveinung er Hordaland sin førstekandidat ved årets stortingsval.

Det viktigaste du gjer for miljøet er å stemme på ein miljøpolitikk som fungerer. Dei siste åra har klimagassutsleppagått jamnt nedover, og Noreg har no dei lågaste utsleppasidan 90-talet.

Sveinung Rotevatn, stortingskandidat i Hordaland

Rotevatn har markert seg som ein tydeleg forkjempar for liberale rettar, og er oppteken av ideologi.

– Eg stiller til val for Venstre fordi eg meiner Noreg treng politikarar som tek enkeltmennesket si side i kampen mot systemet. Politikarar som vil la vanlege folk vere litt meir i fred. Eg trur på eit mangfaldig samfunn, der vi alle får fridom til å finne vår eigen veg til det gode liv, seier Rotevatn.

Kutte utslepp, ikkje utviklinga

For Venstre handlar klimapolitikken om å gjere det enklare å ta grøne val i kvardagen, både for bedrifter og for deg og meg.

Vi jobbar på lag med næringslivet,og heiar fram små og store jobbskaparar over heile landet.

Slik kuttar vi utsleppa, ikkje utviklinga.

Venstre vil:

  • Vidareføre elbilfordelane
  • Gjere det lønsamt å investere i fleire grønearbeidsplassar
  • Bygge trygge sykkel- og skulevegar
  • Ta vare på naturen
  • Gjere det enklare og billigare å reise kollektivt
  • Satse på kunnskap og forsking som tar oss gjennom det grøne skiftet

Vi er dei første som verkeleg opplever klimaendringaene. Og dei siste som kan stoppe dei.

Sveinung Rotevatn

Vi skal løyse klimakrisa. 

Vi er dei første som opplever klimaendringane. Og dei siste som kan stanse dei. Venstre vil sikre ei grøn framtid ved å kutte utslepp og ta vare på naturen.

Difor har vi: 

  • sørga for at Noregs klimagassutslepp er på sitt lågaste nivå på 28 år. 
  • verna sårbare område som Lofoten, Vesterålen og Senja frå oljeleverksemd. 
  • elektrifisert ferjeflåta og gjennomført ei stor satsing på grøn skipsfart.

No skal vi: 

  • verne meir natur, halde havet reint og slutte med ny oljeleiting. 
  • sikre eit godt og rimeleg kollektivtilbod – vi må fortsetje bybaneutbygginga, og ruste opp jernbana mellom Bergen og Voss. 
  • vidareføre elbilfordelane.
  • satse på grøn energi som havvind og solkraft. 

Podkast

Vi satsar på kunnskap. 

Ein god skule er det aller viktigaste for å sikre like moglegheiter for alle. Lærarane skal få tid og ressursar til å følgje opp kvar enkelt elev, slik at elevane trivast og lærer meir. 

Ingen elevar er like, men alle skal ha like moglegheiter. 

Ane Breivik  (2. kandidat i Hordaland.) og Sveinung Rotevatn

Difor har vi: 

  • innført gratis kjernetid i barnehage for born som treng det. 
  • redusert fråfallet i vidaregåande skule. 
  • innført 11 månadar studiestøtte. 

No skal vi: 

  • gi gratis SFO for dei som treng det. 
  • tilsette fleire helsesjukepleiarar og skulepsykologar. 
  • sikre fortsatt fritt skuleval. 
  • innføre gjennomføringsrett i vidaregående. 
  • auke studiestøtta kraftig og byggje fleire studentbustandar. 

Vi heiar på små og store jobbskaparar.

Vestlandet treng fleire jobbskaparar som bidreg til vår felles velferd. Framtidas jobbar er grøne. Næringsliv, kulturliv og frivilligheit er viktig for levande lokalsamfunn. 

Difor har vi: 

  • fått gjennomslag for Langskip, eit fullskala CO2-handteringsanlegg i Øygarden. 
  • gitt sjølvstendig næringsdrivande betre ordningar for sjukeløn og pensjon, og lagt til rette for meir investeringskapital. 
  • senka skatten for bedrifter. 

No skal vi: 

  • sikre ei storstilt satsing på grøn industri. 
  • forenkle verkemiddelapparatet og gjere det enklare å skaffe finansiering til innovasjon. 
  • sørge for meir europeisk samarbeid, ikkje mindre