Tema Trygg, effektiv og miljøvennleg transport

Å kunne reise trygt, effektivt og miljøvennleg skal vere muleg i heile landet. Vegnettet er i store delar av landet vårt hovudpulsåra for transporten. Venstre vil først prioritere å rulle ut gule midtstriper på alle Europavegar som i dag ikkje har det, sikre mot ras og flaum, og auke vedlikehaldet av bruer. Trafikksikre vegar er avgjerande for at folk og næringstransport kan komme fram!

Framtida er elektrisk! Venstre er pådrivar for elektrifisering av transportsektoren. Meir miljøvennlege fartøy, både på veg og til havs er avgjerande for å redusere utsleppa frå den største bidragsytaren til Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp. Venstre vil oppretthalde sterke insitament som fremmer el- og nullutsleppsfartøy og sikre infrastruktur for elektrifisering. Heile landet skal ha tilgang på rask og effektiv ladestruktur, både langs vegane, i bygdene og i hamnene. Det må planleggast infrastruktur for energiforsyning, både frå elektrisitet og hydrogen.

I mange distrikt er fly eit naudsynt transportmiddel både for næringsliv og privatpersonar. Venstre er pådrivar for kortbanenettet om nokre år kan driftast med elektriske fly. I tillegg vil Venstre at avgiftsnivået for småfly skal reduserast, for å sikre eit godt tilbod for distrikta.

Venstre ynskjer óg å binde saman med høgfartsbaner mellom dei store byane. Moderne høgfartsbaner vil kunne gje eit betre og meir konkurransedyktig alternativ til store delar av dagens fly-, bil- og godstrafikk. Dei vil redusere reisetider så kraftig at avstandsulemper nærast blir oppheva, styrke norsk konkurranseevne, byggje landet og gje sterkare regionar med større bu-, arbeids- og kompetanseområde. Moderne baner utviklar heile strekningane, ikkje berre endepunkta slik som med flytransport.

Venstre vil ha eit moderne og effektivt kollektivtilbod i bygdene våre. Nyvinningar innan teknologi og ny kunnskap gjennom datainnsamling og reisevaneundersøkingar, må utnyttast betre for å gjere kollektivtrafikken meir attraktiv og kostnadseffektiv. Kollektivselskapa må utvikle nye tenester som i enda større grad møter behovet til kundane.

Venstre vil redusere mengda tungtransport på vegane. Meir gods må over på sjøtransport og jernbane. Utbygging, vedlikehald og forbetring av jernbanen må prioriterast, for å sikre at jernbanen er konkurransedyktig både for gods- og persontrafikk i heile landet. Venstre vil ha fleire vekslingsspor, lastepunkt for jernbane ved hamner og opprusting av norske hamner.

Venstre vil:

  • Bygge vegstandard til gule midtstripe på alle Europavegar som i dag ikkje har det, før utbygging av nye 4-felts motorvegar
  • Elektrifisere Noreg. Oppretthalde fordelar for nullutsleppskøyretøy, utvikle nye insentiv for meri miljøvenleg tungtransport og sikre god tilgang til ladestasjonar og fyllestasjonar for hydrogen og biogass i heile landet i tråd med målsettinga om at alle nye bilar skal vere nullutsleppskøyretøy i 2025
  • Elektrifisere skipsfarten. Styrke grønt kystfartsprogram, og følgje opp satsinga på grøn skipsfart mot alle fartøykategoriar med verkemiddel og tiltak
  • Elektrifisere kortbanenettet innan 2040
  • At heile landet skal ha tilgang til rask og effektiv ladestruktur, både langs vegane, i bygdene og i hamnene, både for el-lading og hydrogenfylling
  • Modernisere og styrkje kollektivtilbodet i distrikta
  • Redusere tungtransporten på vegane, og få meir gods over på sjøtransport og jernbane
  • Sikre at fylka blir raskare i stand til å handtere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet
  • Ha konkurransedyktige høgfartsbaner mellom Oslo og landsdelane med dei større byane i Noreg, og til Stockholm, Göteborg og København
  • Starte planlegginga av fjernstrekningane frå Oslo til Bergen, Trondheim og Stavanger, med sikte på å byggje høgfartsliner for lyntog
  • Ha som langsiktig mål å byggje meir jernbane i Nord-Noreg
  • Sikre gode rammevilkår for ferjeavløysingprosjekt