Tema Berekraftige og levande lokalsamfunn

Noreg treng sterke bu- og arbeidsmarknader i distrikta, og gode lokalsamfunn der folk trivst. Berebjelken skal vere eit sterkt, grønt og framtidsretta næringsliv. Venstre vil bygge vidare på dei sterke næringane! Samstundes er det naudsynt å sikre og tilføre statlege arbeidsplassar i distrikta.

Levande bygder bygg på lokalt samhald og lokal identitet. Venstre vil sikre gode kår for frivilleg arbeid, og skape gode møteplassar med rom for aktivitet og kulturtilbod. Offentleg stønad til kultur gir meirverdi, og medfører ofte lokal verdiskaping. Venstre vil sikre gode leve- og oppvekstvilkår i heile Noreg, herunder eit barnevern med adekvat kompetanse og tilstrekkeleg kapasitet. Det må vere god tilgang til vidaregåande og høgare utdanning. Desentraliserte utdanningstilbod er viktige for både ungdom, for vaksne som treng etter- og vidareutdanning, og for å sikre distrikta viktig kompetanse. Det er óg eit overordna mål for distriktpolitikken at det skal vere eit attraktivt alternativ for ungdom og unge vaksne å flytte til bygda for å etablere seg der etter fullført utdanning.

Venstre meiner vi får betre demokrati gjennom å flytte makt og oppgåver frå stat til region og kommune. Vi ynskjer å flytte politisk makt nærare lokalsamfunn og borgarar. Slik får vi sterke regionar med stor sjølvstende. Vi vil ha sterke og levande bu- og arbeidsmarknadsregionar, med sterke sentra, eit variert arbeidstilbod, attraktivt teneste- og sørvistilbod og gode forbindelsar. Offentlege innkjøp må brukast aktivt for å skape lokale arbeidsplassar der lokal kompetanse og ressursar nyttast.

Norske kommunar er ulike. I regionar med mange små kommunar – og god infrastruktur – er føresetnadane for å slå saman kommunar gode. I andre område er avstandane store og samanslåing lite tenleg. Staten må ta noko omsyn til dette i arbeidet med standardar for kvalitet, dekningsgrad og kompetanse. Det trengs fleksible ordningar og gode digitale løysingar. Kommunane må finne tenlege samarbeidsformer for å sikre nok kompetanse.

Fleire større kommuneeiningar må framleis vere eit mål for Noreg. Venstre meiner det er svært viktig at Staten framleis stiller insentivmidlar og andre verkemiddel til rådes for kommunar som slår seg saman med nabokommunar.

Lokalsamfunn skal ha levande sentrum, der mange har korte avstandar og tilgang til gode kommunale og private tenester og tilbod. Vi vil ha liv i handlegatene våre, og knyte områder saman med gode sykkelvegar og eit moderne og attraktivt kollektivtilbod. Utviklinga av distrikts-Noreg skal funderast på ei heilskapleg areal- og samfunnsplanlegging, der sentrumsområda i bygdene tar hovudvekta av busetnaden. Dette sikrar jordvern og effektiv transport, og er viktig for å verne naturområde.

Mange distriktskommunar er prega av ei eldre befolkning. Kommunane må ha god nok økonomi til at dei kan gi gode tenester til eldre og andre som treng det. Stikkord er rehabilitering, slik at fleire kan vere i stand til å klare seg sjølv og bu heime lenger. Det skjer mykje positivt utviklingsarbeid i kommunane for å tilpasse tenestene til oppgåvene. Dette arbeidet må oppmuntrast.

Folk i distrikts-Noreg må ha tilgang til trygge helsetenester. Spesialisthelsetenestene bør desentraliserast slik at dei er tilgjengelege i nærmiljøa, så langt det er muleg og tenleg. Meir bruk av helseteknologi gjer det lettare å desentralisere, mellom anna ved å satse på medisinsk avstandsoppfølging, telemedisin, andre samhandlingløysingar og behandling heime hos pasientane. Eksempel på dette er heimedialyse.

Venstre vil:

  • Bygge vidare på dei sterke næringane i distrikta, og vidareutvikle sterke bu- og arbeidsmarknader. Dette betyr ei heilskapleg satsing på nye arbeidsplassar, god tilgang til tenester, utdanning og infrastruktur, både fysisk og digital
  • Løfte fram kreativiteten, skaparkrafta og kunnskapen som finnast i distrikta. Gjennom styrking av verkemiddelapparatet vil Venstre sørgje for at gode idear blir realisert og nye arbeidsplassar skapt
  • At offentlege innkjøp vert brukt aktivt til å skape lokale arbeidsplassar der lokal kompetanse og ressursar vert utnytta
  • Utvikle lokalsamfunn på basis av heilskapleg areal- og samfunnsplanlegging som gir grobotn for levande sentrumsområde, reduserer behovet for transport og vernar vår verdifulle natur
  • Styrke frivilleg arbeid og skape gode møteplassar i bygdene som gir rom for aktivitet og kulturtilbod
  • Bygge opp under lokal identitet og lokalt samhald, og flytte makt og oppgåver frå stat til region og kommune.
  • Vidareføre ein sterk kommuneøkonomi slik at alle får tilgang til gode kommunale tenester
  • Sørge for nærleik til barnehage, skule, eldreomsorg og helsetenester
  • Ta i bruk nye digitale løysingar i helsetenestene. Det trengs særskilt finansiering for å få dette betre i gang.
  • Styrke det desentraliserte utdanningstilbodet, spesielt innan høgskulestudie retta mot profesjonar som lærar, sjukepleiar, barnehagelærar, ingeniør og økonom, slik at det er mogeleg å bu heime under studia og kompetanse og kvalitet blir oppretthaldt i kommunane.
  • Utreia kva for nokre skattar og avgifter som kan verta flytta ned på region- og kommunenivå
  • Sikre matproduksjon over heile landet