Venstre vil fjerne overgangsreglane

Sentralstyret i Venstre meiner tida er inne for å fjerne overgangsreglane. Sidan arbeidsinnvandring frå aust har vist seg å ikkje truge norske arbeidsplassar eller velferdsordningar, blir overgangsreglane ein rein rangering av borgarane i EØS-samarbeidet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


I følgje UDI delte norske myndigheiter ut meir enn 37.000 arbeidsløyve i 2005, noko som er 33 prosent fleire enn i 2004. Trass i den merkbare innvandringsauka går arbeidsløysa i Noreg ned. Tal frå Aetat viser at arbeidsløysa i bygg- og anleggbransjen, som er den bransjen som truleg er mest utsett for arbeidsinnvandring, har gått ned med heile 19 prosent det siste året.

Arbeidsinnvandring følgjer situasjonen på arbeidsmarknaden. Land med stort arbeidsbehov får fleire innvandrarar enn land med lite arbeidsbehov. Det er denne dynamikken som har gjort at Noreg dei to siste åra har motteke fleire austeuropearar enn Sverige, men langt færre enn Irland.

Venstre meiner tida er inne for å fjerne overgangsreglane, slik at moglegheita for å bu og arbeide i Noreg blir lik for alle EØS-borgarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**