For komande periode har Bø Venstre desse hovudprioteringane:
* Gode oppvektsvilkår
* Kultur & Miljø
* Omsorg
Gode oppvekstvilkår for barn og unge
– Full barnehagedekking.
– Skulen må prioriterast og utbygginga må gå etter planen.
– Musikkskulen, idrett, kyrkje og frivillige lag er viktige medspelarar for å få eit godt oppvektmiljø for den enkelte.
Kultur og miljø som grunnlag for trivsel og nyetablering i næringslivet
– Legge til rette for vidare utvikling av Gullbring. Langsiktig mål: Bibliotek og ungdomsklubb til Gullbring.
– Legge til rette for folkemusikksenter ved museet.
– Bø sentrum treng eit estetisk løft.
– Oppbygging av kulturfond.
– Biobrensel som grunnlag for næringsutvikling.
– Lifjellplanane må ta omsyn både til næringsutvikling og at det er viktige friluftsområde for lokalbefolkning og turistar.
Trygghet for sjuke og gamle
– Legge vekt på hjelp i heimen.
– Gje mulighet for fleksible løysingar etter den enkelte sitt behov.
– Legge vekt på forebyggande arbeid.
Bø venstre – KONKRET:
* Satse på det interkommunale samarbeidet i Midt-Telemark
* Bø skal vere ein åpen kommune, der ordføraren skal ha møtetider retta mot innbyggarane.
* Legge møtekart/saklister, referat, avstemminger, og anna informasjon på Internett.
* Bø kommune skal vera serviceinnstilt og gje raske svar. Alle tilsette skal ha eigen e-post adresse!
* Bø kommune skal ha ein effektiv administrasjon, vere ein god arbeidsgjevar, og legge til rette for kompetansebygging hos kommunalt tilsette
* Nytte brukarundersøkingar for å kvalitetssikre kommunale tilbod
* Likestilling – Min 40 % av begge kjønn i alle utval og styre der kommunen er med
* Kommunens engasjement i Telemarkshallen må reduserast
* Sikre skulane ei forsvarleg drift til det beste for ungane
* Arbeide for gang og sykkelvegar mot Folkestad og Veirud
* Arbeide for gode kommunikasjonar: Høgfartsbanen, Sørlandsbanen, Bø-bussen
* Arbeide med rusførebyggande tiltak (bl.a. felles skjenketider i Midt-Telemark) – aktiv hjelp til rehabilitering av rusmisbrukarar
* Effektiv skjenkekontroll og ha streng reaksjon dersom nokon bryt skjenkebestemmelsane
* Bø skal vidareutvikle og stimulere det sterke engasjementet og store mangfoldet i kultur og idrettsliv, og samtidig ta vare på kulturelt særpreg, som språk, folkemusikk og lokal byggeskikk
* Utvikle ungdommens kommunestyre slik at det skal gje uttale i viktige saker
* Bø kommune skal utnytte ressursane i kompetansemiljøa for eksempel ved studentoppgåver.
* Snarast få gjennomført biologisk kartlegging og integrere dette i kommunens arealplan.
* Ta sterkt omsyn til jordvern ved alle utbyggingssaker
* Stø arbeidet med tilrettelgging av turstigar
* Vere medspelar for næringslivet i kommunen
* I Bø skal det vere tilbod om naturbarnehage
* Legge til rette gode tometområde – spreidd på fleire relativt små område.
* Ikkje fleire tomter i Breisås før ny vegtrase inn i området.
* Oppretthalde arbeidsstua for eldre
Grunntanken som Venstre bygger sitt syn på er:
Respekt for einskiltmennesket og ansvaret for fellesskapet
Vår politikk bygger på kristne, humanistiske og liberale verdiar
Venstre er eit miljøparti. Vi vil at våre barnebarn skal oppleve den samme flotte naturen som oss.
Vi meiner at det er i samspelet mellom private initiativ, det offentlige og det enkelte menneske at det gode samfunn kan utvikle seg.