Medlemsbrev frå leiar

No har det gått ei lita veke sidan eg vart vist tillit og vald til leiar i Hordaland Venstre. Til alle de som ikkje var delegater, vil eg nytte dette høvet til å takka for tillita, skriv nyvald leiar Sølvi Mangerøy i medlemsbrevet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det har vore hektiske og kjekke dagar etter eg kom heim. Kvar dag har journalistar teke kontakt, og nesten daglege oppslag i regional og lokalaviser. Hadde det berre vart, men det er vel litt "tytt mens det er nytt". Eg gjev alltid respons til dei journalistane som har omtala Venstre og leiaren. Me må pleia dei litt fram mot valkampen.

Årsmøte på Voss
Det var eit hektisk og fint årsmøte. Voss Venstre gjorde ein framifrå jobb som vertskap. Takk tildei. Godbitar og helsing er sendt i posten! Lars Sponheim engasjerte slik han pleier. Me er heldige som har ein erfaren leiar som "motor" i Oslo. Det er viktig for oss at han viser seg på den måten han gjer i riksmedia. Det var sjølvsagt gode debattar, det er det vanlegvis når venstrefolk samlast. Me fekk gjort mange vedtak og sende ut gode fråsegner. Dei er lagt ut på heimesidene. Les dei om du ikkje har gjort det.

Elles har regjeringa vist sitt sanne miljø-ansikt. Me har ein god mann i Gunnar Kvassheim, som leiar i miljø-komiteen. Han var raskt ute med reaksjonar og pressemelding. Bruk dette, og bruk folka våre på stortinget. Dei ynskjer å svara på e-post/telefon og å komma på besøk.

Det neste som skal skje i fylkesstyret er at det er landsstyremøte 24 og 25 feb. På sakskartet står landsmøtet! Den store hendinga i Bergen 13 — 15 april. Politisk nestleiar Anders Skoglund deltek frå Hordaland. Vidare skal fylkesstyret ha styremøte 7.mars. Etter det tenkjer eg at det kjem eit nytt medlemsbrev som seier litt av det som me har å gjera då.

Viktige fristar
I fokus i desse tider er listestilling. Frist for innlevering av lister er 30.mars! Elles tenkjer eg at dei fleste lokallag er i gang med eigne valprogram. Då har de eit flott dokument i fylkesvalprogrammet. Finn saker som de kan brenna for i valkampen!

Dette er det første medlemsbrevet eg sender ut som leiar. Eg har som mål å gjera det jamt. Eg er ein leiar som legg stor vekt på at lokallaga skal ha god informasjonsflyt. Eg ynskje å vera tilgjengeleg for laga og enkeltmedlemer. Eg kjem til å bruka desse skriva til litt orientering, litt politikk og litt aktuelt stoff frå sentralt og lokalt.

No har det seg slik at eg, mann og barn, skal ut på ei reise, bryllupsdags reise. Reisa var avtala før eg visste at eg sto i dette vervet, og då eg sa "ja" — for 20 år sidan- visste eg heller ikkje at det ville komme tett oppi dette årsmøtet

Eg er tilbake 3/3. De kan nå meg heile tida 90 87 40 52, det går heilt fint. Er det slik at det ikkje passar å prate, har eg telefonen av 😉

Elles er jo Torhild på kontoret, Anders og Helge hjelper også til om det er behov. Det går nok bra.

Med helsing
Sølvi Merete Mangerøy
Leiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**