Venstre ynskjer opne forhold

Venstre ynskjer opne og demokratiske forhold, spesielt når det gjeld politikarar. Men vi ser ingen grunn til å bruke offentlege ressursar for å opprette eit styrevervregister der det likevel skal vere frivillig å stå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


I formannskapet i Skodje sette Venstre sin representant fram eit forslag om å ikkje opprette styrevervregister for politikarar i Skodje. Utgangspunktet var at registeret skulle vere frivillig. Venstre meiner det er svært viktig at verken politikarar eller administrasjon skal halde skjult noko som kan tenkjast å påverke oppfatninga deira av enkelte saker.
Venstre sine kommunestyremedlemmer hadde kome til å registrere seg frivillig i eit slikt register. Men eit frivillig register er ingen garanti for at vi får vite alt om politikarane sine verv. Den som vil halde noko hemmeleg kan framleis gjere det ved å late vere å melde seg i registeret.
Eit slikt register er ikkje noko verdt etter Venstre sitt syn. Difor gjekk vi også imot at Skodje kommune skulle bruke ressursar på å opprette det og halde det ved like.
For Venstre sine kommunestyrerepresentantar er det likevel ikkje frivillig å stå i partiet sitt eige register, som er utlagt her:

Ole Stokke
Arbeidsgivar: Helse Sunnmøre
Stilling: Overbioingeniør
Styreleiar Skodjebrua AS
Styremedlem Sjøholt Catering AS, der eg og har aksjar.
Leiar Skodje Venstre
Varaforstandar Sparebanken Møre

Arnstein Sæthre
eige firma, enkeltmannsforetak Byggmeister Arnstein Sæthre
styreleiar i Skodje og Ørskog Mållag
styremedlem i Skodje Frilynde Ungdomslag og Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag

Ståle Hjelseth
opplysningar enno ikkje innhenta

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**