Interpellasjon til fylkestinget 27.-28.03.07

Sogn og Fjordane Venstre og Leikanger Venstre er misnøgde med at rassikringa i Fatlaberget skal bompengefinansierast. I det høve fremja fylkestingsgruppa fylgjande interpellasjon i fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Situasjonen for dei reisande mellom Leikanger og Sogndal har vore uhaldbar over lengre tid med stenging av vegen forbi Fatlaberget i 5 veker dei siste månadane. For næringslivet i kommunane som er avhengig av denne vegen medfører dette tapte inntekter og større uvisse for framtida, mens det for dei mange pendlarane i området skapar store problem og meirkostnader både sosialt og tidsmessig.

Det er vedteke at det skal komma tunnel i Fatlaberget. Fleirtalet i kommunestyra i Sogndal og Leikanger har saman med fleirtalet i fylkestinget gjort vedtak om at rassikringa delvis skal finansierast med bompengar.

På det tidspunktet vedtaket vart gjort var Fatlaberget sett på som den mest rasutsette vegstrekninga på vestlandet. I ettertid har Fatlaberget også i praksis vist seg å vere den farlegaste strekninga på vestlandet. Alle rasa har synt at det einaste ansvarlege er å byggje ein tunnel snarast. Venstre meiner også av denne grunn at det ikkje vil vere rett å krevje bompengar av brukarane av vegen når det er synleggjort at riksvegen ikkje kan nyttast utan denne sikringa.

Regjeringa har varsla vesentleg auke i midlane til rassikring. Ein ambisjon Venstre deler, og som vårt fylke fekk nyte godt av under den førre regjeringa. Samferdsleministar Liv Signe Navarsete har til Sogn Avis gitt uttrykk for at departementet vil vurdere å omgjere vedtaket om bompengefinansiering, dersom ein lokalt tek eit initiativ for å få vurdert vedtaket.

Vil fylkesordføraren ta initiativ til å få omgjort Stortinget sitt vedtak om bompengefinansiering?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**