Stemmerett til 16-åringar!

På Venstre sitt landsmøte i Bergen 13-15.april, vart stemmerett for 16-åringar tatt inn i prinsipprogrammet til Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


-Dette er ein stor seier for alle ungdommar, seier Janne Sørum, leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre. Ein 16-åring må betale skatt av arbeidsinntekta og kan setjast i fengsel ved lovbrot, men han/ho kan ikkje velje dei politikarane som fastset skatte- og straffenivået i dette landet. Dette går no Venstre inn for å endre.

Ved å gje stemmerett til 16- åringar, vil ungdommen få mykje større moglegheit til å påverke, og delta der avgjerdslene vert tekne. I tillegg vil dette kunne vera med på å auke valgdeltakinga, noko som vert svært viktig i tida framover, avsluttar Sørum.

For meir info: Janne Sørum 97 07 47 79

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**