Venstre tek avstand frå Bjørgvin bispedømmes diskriminering av homofile

– For Venstre er slik diskriminering heilt uakseptabel uansett kven som utøver den, og det er særdeles alvorleg når ein sentral samfunnsaktør som statskyrkja vel å ha ein slik praksis, seier leiar i Hordaland Venstre Sølvi Merete Mangerøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

 Sølvi Mangerøy (t.h.) sammen med Borghild Tenden (t.v.)

Sølvi Mangerøy (t.h.) sammen med Borghild Tenden (t.v.)
Foto: S. Haugsvær

I avisa Hordaland 30.6.07. kjem det fram at homofile prestar i partnerskap ikkje får jobb i Bjørgvin bispedøme. Så seint som i vår vedtok bispedømerådet nye rettningsliner ved tilsettingar. I rettningslinene heiter det mellom anna at ” samlivsform kan bli etterspurt og tillagt vekt
ved tilsetting”, leiar i Bjørgvin bispedømeråd Magne Skjeldal, bekreftar at dette i realiteten betyr at homofile prestar som lev i partnarskap ikkje får jobb.

– For Venstre er slik diskriminering heilt uakseptabel uansett kven som utøver den, og det er særdeles alvorleg når ein sentral samfunnsaktør som statskyrkja vel å ha ein slik praksis, seier leiar i Hordaland Venstre Sølvi Merete Mangerøy.

– Statskyrkja tek mål av seg til å vere ei samlande folkekyrkje, då er det eit paradoks at Bjørgvin bispedøme vel å ha eit syn på homofile som for folk flest framstår som konservativ og ekskluderande, seier Mangerøy vidare.

– Statskyrkja har stor grad av sjøvstende, det er skuffande at Bjørgvin bispedøme nyttar sjølvstenda til å diskriminera homofile prestar, avsluttar Mangerøy.

For ytterlegare kommentarer, kontakt Sølvi Merete Mangerøy på tlf: 90 87 40 52.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**