Dag Sveinung

Dag Sveinung Moen står på 3. plass for Seljord Venstre. Han er 40 år og jobbar som utviklar for Dyrskuǹ Arrangement AS. Han er gift og har to born og har såleis tid til å engasjere seg for kultur kommunen Seljord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Dag Sveinung Moen

Foto: Stig

Eg brenn for at lokalsamfunna i Seljord kommune skal kunne oppretthaldast med sine særtrekk innan kunst og kultur.
Fleire og fleire bygder vert avfolka i Noreg i dag, dette er med på å forringe mangfallet som me er glad i og stolte av. Me må legge til rette for at folketalet på desse stadane held seg stabilt men aller helst aukar. Ved å legge til rette for skule, bornehage og tomter for tilflyttarar vil me kunne gjere noko med denne situasjonen.
Elles vil eg kjempe for at me får eit fleirbrukshus på Granvin der alle generasjonar kan møtast i fellesskap. Symjebasseng i tilknyting til Granvin ville vere eit langt steg i riktig retning.
Høgfartsbanen er ei sak Venstre framfor nokon har profilera og arbeidd for. Med ein høgfartsbane vil det vere mykje lettare å kunne bu i kommunen men arbeide ein annan stad.

Eg ynskjer alle i kommunen eit godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**