Lesarinnlegg frå 2. kandidat Klaus Iversen:

Navarsete og Olden-Innvik

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


I følgje Nrk Sogn og Fjordane vil samferdsleministar Liv Signe Navarsete forsere utbygginga av Olden-Innvik ved å vurdere bruk av rassikringsmidlar. Venstre krev eit klart svar frå statsråden før valet om ho vil setje av midlar til utbetring i statsbudsjettet for 2008.

Då Torhild Skogsholm var samferdsleministar vart Olden-Innvik skubba fram i tid. I etterkant har Liv Signe Navarsete prioritert slik at dette viktige vegsambandet tidlegast kan late seg realisere rundt 2020 med den løyvingstakten Navarsete legg til grunn for fylket.

Seinast ved statsbudsjettet i 2007 fjerna samferdselsministeren kr. 45 mill. som var prioriterte av fylkestinget til delfinansiering av R-60 Olden-Innvik. Desse midlane vart overførte til anna prosjekt. Då må det handfaste kroner til i 2008-budsjettet for at statsråden skal vere truverdig. Venstre ventar i spenning. Kjem det ikkje klart svar frå Navarsete før valet, kan ein leggje til grunn at det ikkje kjem pengar i 2008.

Klaus Iversen

Foto: Egen

Klaus Iversen
Andrekandidat for Venstre

Klaus Iversen

Foto: Egen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**