Still spørsmål til makta!

Framfor kvart møte har kommunestyret i Skodje sett av 30 minutt til ein open spørjetime, der alle som vil kan få stille spørsmål til ordføraren. Ingen har nytta seg av denne retten like mykje som Venstre sine representantar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Dette er nokre av dei spørsmåla vi har stilt i spørjetimen:

Ungdomsmidlar
(4. september 2007)

Kommunestyret sette i budsjettet for 2007 av 100.000 kroner til "særskilt ungdomsarbeid". Eg er kjend med at både Kanal Skodje og ungdomsklubben Ørnekula har vendt seg til kommunen med spørsmål om å få tilskot frå desse midlane. Etter det som går fram av protokollane frå kommunestyre og formannskap er det likevel enno ikkje betalt ut noko frå denne budsjettposten. Kan ordføraren forklare kvifor ungdomsmidlane framleis står urørte?

Arnstein Sæthre

Aktiviteten i gamle barneskulen
(6. februar 2007)
Det vert gitt ulike opplysningar i bygda om kva som no skal skje med dei laga som har tilhald i gamle barneskulen. Alt som vert sagt kan umuleg vere rett. Kan ordføraren gjere greie for korleis stoda er no, og kva lokalitetar den daglege leiinga i kommunen ser for seg kan nyttast?

Stemmer det at den daglege leiinga i kommunen no går inn for å betale husleige til eit kommersielt foretak, framfor å forhandle med etablerte lag som også er huseigarar?
Eg meiner å vite at klubbhuset, bedehuset og ungdomshuset har vore med i vurderinga. Om dei er det framleis, veit eg ikkje. Det einaste eg veit om dette, er at styret i ungdomslaget to gonger har vore bedne om å kome med tilbod, og at dei ikkje har fått noko svar.

Når frivillige lag mottek husleige, veit vi at dette er pengar som fullt og heilt kjem forsamlingshusa og kulturlivet til gode. Dersom leigeinntekter kan gjere laga i stand til å gjere nyinvesteringar, vil dette vere verdiar som bygdefolket kan nyte godt av i lang tid. Dugnadsinnsats og husleige til eit kommersielt foretak, derimot, er verdiar som er borte når leigeperioden er over.

Har den daglege leiinga i kommunen gjort slike vurderingar i arbeidet sitt?

Nokre eg har snakka med hevdar at Kraftverket og Røde Kors skal få halde til på LongHorn, og at kommunen skal betale 80.000 kroner i årleg husleige. Det gler meg, dersom dette stemmer, at den daglege leiinga i kommunen ynskjer å prioritere ungdomsarbeid med slike summar. Men som dei gode sosialdemokratar vi er alle, må eg spørje om dette kan verte ei uheldig forfordeling?

Eg unner alle som driv frivillig ungdomsarbeid trygge økonomiske kår. Og då må vel alle som driv slikt arbeid i kommunen få rett til den same økonomiske støtta, også dei som held til i hus som er bygde på dugnadsinnsats og pengeinnsamlingar. Det er nemleg slik at når tilgangen på frivillige medhjelparar er avgrensa, er det lettare å få leiarar og medlemmer til eit lag som ikkje treng å ta ansvar for økonomien i huset dei held til i, enn til eit lag der det er krav om dugnadsinnsats og pengeinnsamling for å betale straum og forsikring.

Det er rett av den daglege leiinga i kommunen å arbeide for å sikre rimelege lokale til Kraftverket og Røde Kors sitt ungdomsarbeid. Difor vil eg be formannskapet vurdere eit forslag til tilleggsløyvingar til kulturmidlane:

Lag som har jamleg aktivitet, og som kan dokumentere husleigeutgifter, får eit årleg tilskot på inntil (1000) kroner pr. medlem under 25 år som støtte til husleige. Aktiviteten må ha minst 10 samlingar pr. år, og må dokumenterast gjennom frammøtelister. Lag som disponerer gratis lokale i kommunale bygg får ikkje ta del i denne ordninga.

Arnstein Sæthre

Sal av kommunale eigedommar
(21. november 2006)

Kommunale eigedomar vert lagde ut for sal: Det gamle kommunehuset, rekkjebustadane i Vågen, gamle barneskulen og snippa bak det nye kommunehuset. Dette er dei eg kjenner til i farten.

Kan ordføraren hjelpe oss som anten er mistenksame eller huskar dårleg, og å minne oss om kva vedtak som gir heimel for desse sala?

Arnstein Sæthre

Skulegudstenester
(31. oktober 2006)

Elevane ved Valle skule har, i alle høve dei seinare åra, ikkje fått delta ved skulegudstenestene før jul. Skodje kyrkje har invitert dei, men etter det eg kjenner til har verken elevar eller foreldre fått høve til å seie ja eller nei til invitasjonen.

Kan ordføraren svare på om dette er tilfelle, og i så fall fortelje kvifor, og om det er noko han eller kommunestyret kan gjere for at også elevane ved Valle skule kan få eit reelt val?

Arnstein Sæthre

Vedlikehaldsarbeidet på ungdomsskulen
(30. mars 2005)

Eg veit at det har vore spurt før, men det manglar framleis synlege resultat. I spørjetimen i dag vil eg difor på vegne av Skodje Venstre reise følgjande spørsmål:

Kvifor har ikkje det vedtekne reparasjons- og vedlikehaldsarbeidet ved ungdomsskulen vorte sett i gang?

Politikarane er i ferd med å verte gjorde til latter. Då kommunestyret gjorde vedtak om å pusse opp toaletta, installere heis og byggje om inngangspartiet, trudde mange at arbeidet skulle vere ferdig til skulestart inneverande skuleår. No er spørsmålet om det ligg føre ein plan for om tiltaka kan vere gjennomførte til komande skulestart om vel fire månader. Etter det eg kan sjå er arbeida enno ikkje lyste ut for anbud.

Arnstein Sæthre

Bortfall av brukarlønn
(15. februar 2005)

Eg er lei for at dette kjem i siste liten, men saka vart lagd fram for meg i går kveld:

I spørjetimen før kommunestyremøtet i dag vil anten eg eller ein representant for foreldra reise spørsmål om bortfallet av brukarlønna til dei som deltek i aktiviseringstilbodet på Prestemarka.

Spørsmålet vi stiller oss er for det første om dei som står bak fleirtalet i budsjettvedtaket verkeleg var klar over at dette var ein av konsekvensane, og om det har vore vurdert å redusere brukarlønna i staden for å ta henne heilt vekk.

Dernest må vi spørje om framgangsmåten: Brukarane oppfattar tilbodet som "arbeid" og godtgjersla som "lønn". Er det då ein anstendig framgangsmåte å gi melding 7. februar om at dei har arbeidd utan lønn sidan 1. januar?

Arnstein Sæthre

Anonyme brev
(26.oktober 2004)

Eit anonymt brev har dukka opp i postkassen vår. Brevet gir seg ut for å vere ei slags skildring av livet i bustadfeltet på Vågshøgda. Dei som bur der vert framstilt nærmast som hjartelause besteborgarar som helst vil bli kvitt enkelte plagsame naboar. Brevet deler også ut kritikkar til kommunepolitikarane i Skodje. Slik dette brevet framstår synest det mest nærliggande å tru at det dreiar seg om eit falsum.

Spørsmålet mitt er, ordførar: Korleis kan det gå til at eit slikt skriv hamnar i Skodje kommune sin maskinfrankerte konvolutt?

Arnstein Sæthre (V)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**