Eit Venstre for heile Tysnes!

Tysnes Venstre er eit parti for heile Tysnes, me vil jobba for ein heilskap i politikkan som gagnar heile kommunen, skriv leiar i Tysnes Venstre, Torstein Hatlevik

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Barn, bær, distrikt

Foto: Tone Rasmussen

Det er deler av kommunen som ikkje har blitt prioritert av lokalpolitikarane våre, Flatråker, "austsida" og Reksteren er deler som må prioriterast i framtida.
Mange politikarar representerer bygder, og ikkje ein politisk heilskapstenking.
Eg meiner at me må vurdere om politikarane me stemmer på vil representere oss på den måten me ynskjer.
Det er ofte lettast å sjå si eiga bygd eller prioritera ein sektor der ein sjølv er tilknytt. Med så mange offentleg tilsette kommunestyrerepresentantar, får kommunestyret den bredda me treng? Kjenner dei næringslivet sine behov? Det er svært få unge som sitt i kommunestyret, er dette eit problem for å få bredde i politikken?
Det er mange ting ein bør tenke på før ein gir ei stemme, ein bør orientere seg skikkelig. Ein må stemma på det partiet som ivaretek dei verdiane ein set høgt.
Me tek alle våre avgjerdsler utifrå den kunnskapen og dei erfaringane ein sjølv har. Har ein vært for lenge utan ytre impulsar, kan ein lett stagnera i måten ein tenkjer på.
Dette valget handlar meir enn før om kva samfunn ein ynskjer på Tysnes.
Uansett kven ein stemmer på, har me dei same pengene å fordela. Då handlar det om prioriteringar. Byggjer Frp sitt badeland, har ein ikkje pengar til sjukeheim eller skular i næraste framtid. Står Krf, Sp, Frp, Ap på at Andlavågen er kyststamvegens alternativ, får me aldri noko bru til Stord eller noko kyststamveg over Tysnes. Framtida for regionen ferjefri kyststamveg!
Tysnes skal bli ein kommune som tek vare på sine innbyggjarar og som driv ein miljøvenleg politikk. Tysnes skal bli ein kommune som er i vekst, og som har ein aktiv næringspolitikk. Tysnes skal ha ein aktiv samderdslepolitikk som tek Tysnes inn i den nye tida.
Tysnes Venstre har politikken og kandidatane som vil gjennomføra den, men me treng dykkar støtte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**