Vil ha nye personar inn inn i politikken

— Mange kommunar har hatt same ordførar i mange år. Då må ein sjå om det har ført fram, eller om det er på tide med ei utskifting.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Gjengitt med tillatelse fra Bladet Tysnes:

Lars Sponheim på fylkesårsmøte i Bergen

Foto: Venstre

Det sa stortingsrepresentant og partileiar for Venstre, Lars Sponheim, framfor nesten tretti tilhøyrarar på pauserommet til Windsor Door. Dei som var tilstades på folkemøtet, var både tilsette ved verksemda og andre som var interesserte i å høyra på Sponheim, og stilla spørsmål til venstreleiaren frå Ulvik. — Det er ei sterk sentralisering på gang, og eg er uroleg for dei små kommunane som slit med folketalsutviklinga, sa Sponheim på møtet.

Satsa på nye hestar
Venstreleiaren peika på at kommune-Noreg er delt i to, mellom dei kommunane som gjev frå seg innbyggjarar og dei som tek imot. — I Tysnes har ein prøvd same resepten lenge. Ein har ingenting å tapa på å få nye personar med entusiasme inn i politikken, sa Sponheim. Dette kommenterte også lokallagsleiar og ordførarkandidat for Tysnes Venstre, Torstein Hatlevik i sitt innlegg. — Skal me våga å satsa vidare på ein hest som ikkje har fått premie på mange år? spurde Hatlevik dei frammøtte. Han tok til orde for å få kommunen til å samla seg om å vera pådrivar for ein indre ferjefri kyststamveg, og for å tilsetja ein næringssjef i kommunen for å betra vilkåra for gründerar.

Stort potensiale
Sponheim snakka om utfordringar for distrikta. Han var oppteken av å få til eit system som er mindre byråkratisk for småbedriftene, og peika på at transportkostnader er ei utfordring for dei som driv næring i utkantane. — Ei fornuftig satsing på betre vegnett må koma. Me vil satsa hardt på vegmidlar, lova han. Sponheim trekte også fram Tysnes sitt potensiale innanfor mat, kultur og naturopplevingar. Med dei klimautfordringane me står ovanfor i dag, spådde han at folk vil søkja det gode liv på meir nærliggjande stader framfor å reisa på storbyweekend i Europa.— Tysnes ligg i passeleg avstand frå Bergen, og har eit stort potensiale her, slo Sponheim fast.

Torstein Hatlevik

Foto: Kari Østervold Toft

Vil ha langsiktig politikk
Torstein Hatlevik var heilt klar på at kommunen treng ei meir langsiktig tenking i lokalpolitikken. Den lokale venstretoppen trekte fram fleire døme på den kortsiktige tenkinga som han meiner har prega Tysnes kommune lenge.— Kjøkenet på gamleheimen vart opprusta for ein og ein halv million. No vil dei selja. Der er det ei og ei halv stilling som lagar mat til seks personar.— Så er det plasseringa av sjukeheimen då han vart bygd, og bygginga av den nye delen. Millionar rett ut vindauga, heldt Hatlevik fram.
Han nemnte også tilbygget til Lunde skule som kosta 8,5 millionar. Sidan har kommunestyret vedteke å flytta sjuande klassane til Tysnes skule.— I dag er det veldig god plass på Lunde skule, slo Hatlevik fast. Han peika også på at kommunen før jul ville låna 12 millionar til å rusta opp varmeanlegget på sjukeheimen. Institusjonen er i dårleg stand, og det er enno ikkje avgjort om det skal byggjast heilt ny sjukeheim eller om ein skal satsa på eit tilbygg til den gamle.— Berre Venstre og Krf røysta i mot, sa Torstein Hatlevik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**