Fekk fylkespartiet til å snu i kyststamvegsaka

For Tysnes Venstre er kampen for ein ferjefri kyststamveg ei hovudsak i valkampen. Elles vil partiet at kommunestyret skal ha meir makt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Gjengitt med tillatelse fra Bladet Tysnes

Tysnes Venstre vil ha ferjefri kyststamveg med bru over Langenuen, veg på austsida av Tysnes og vidare veg gjennom Fusa til Bergen.

Gamal informasjon
— Kyststamveg på vestsida av Tysnes med ny veg fram til Andlavåg og ferje derifrå til Halhjem er ei dårleg løysing for Tysnes og heile regionen, seier Torstein Hatlevik, Tysnes partiet sin ordførarkandidat.

Vei

Foto: Microsoft

Venstre har med seg Tverrpolitisk Liste i dette synet. Dei andre fem partia i Tysnes går for vedtekne planar og den mellombelse løysinga til Andlavåg. Hatlevik seier at dei andre partia har grave seg ned i vedtak som er baserte på gamal informasjon og dårleg retorikk. I denne saka gjekk Hordaland Venstre tidlegare inn for den mellombelse løysinga, men etter «påtrykk og kamp»
frå Tysnes Venstre, har fylkespartiet endra syn i saka og støttar no lokallaget.

Må snu saksgangen
Ei anna viktig sak for partiet er arbeidet med å skapa eit meir levande og aktivt folkestyre. — Me i Venstre er lite begeistra for at i Tysnes har ordføraren arbeidd for at formannskapet skal styra kommunen, slik at makta vert teken bort frå kommunestyret.

Venstre vil ha meir makt til kommunestyret, seier Hatlevik.— På kva måte?— Slik det er no, er gjerne sakene behandla ferdige i formannskapet når dei kjem til kommunestyret. Venstre vil at kommunestyret skal vera eit meir styrande organ. Saksgangen
må snuast og det må verta ein meir open avgjerdsprosess. Det er ikkje bra at politiske møte vert lukka, der folk burde få innsyn i viktige saker. Unntak må vera personlege omsyn som må takast.

Markert tilbakegang
Ved kommunevalet i 2003 fekk Tysnes Venstre ein oppslutnad på 6,2 prosent og éin representant i kommunestyret. I Sunnhordland si meiningsmåling i juni vart resultatet 9,8 prosent. I meiningsmålinga i august gjekk partiet tilbake 4,3 prosent og hamna på 5,4 prosent.—

Det var ikkje bra, og me må stå hardt på for å retta opp dette. Eg skal i alle fall gjera mitt, seier Hatlevik. I målinga fekk han åtte prosent oppslutnad på spørsmålet om kven veljarane vil ha som ordførar. Det vart ein fjerdeplass mellom dei sju kandidatane.

Held ikkje avtalar
— Hatlevik hadde lita politisk erfaring då han kom inn i kommunestyret for fire år sidan. Korleis har du opplevd
det politiske miljøet?— Det har vore tøft å vera åleine, og det at berre Venstre har arbeidd for enkelte saker. Det største «sjokket» eg opplevde då eg kom inn i lokalpolitikken, var at fleire av dei folkevalde ikkje er ærlege. Dei lovar noko dei ikkje held.

Det gjeld m.a. avtalar dei gjer med andre. Eg synest òg det er uheldig at politikarar ikkje vågar å gje uttrykk for sine meiningar og stå for det dei trur på. Dei jattar berre med. Dessutan har eg liten sans for arroganse i politikken.

Vil byggja kulturhus
Tysnes Venstre vil gjenoppretta stillinga for kulturkonsulent og arbeida for at kulturskulen kan ha ei større breidde i tilbodet. Partiet ynskjer kulturhus lokalisert i Våge, og vil støtta godt opp om rusfrie tilbod for dei unge. Kulturvernet må styrkjast, og lag og
organisasjonar fortener mykje støtte. Dei er ein stor ressurs.

Gratis ferje
— Kva er Venstre sitt syn i sjukeheimssaka? — Kommunen har gjort ein del feilinvesteringar når det gjeld sjukeheimen. Ein har ikkje tenkt langsiktig. Kortsiktige løysingar har vore
uheldige. Venstre synest helse- og sosialsjef Einar Aslaksen sitt utspel er godt når det gjeld å byggja eit omsorgssenter, der ny sjukeheim er ein del av dette. Partiet har ikkje bestemt seg for stad enno, men den må vera sentralt og med god utsikt.

Ferge

Foto: Fjord1 MRF

Tysnes Venstre vil arbeida for gratis ferje i sambandet Jektevik-Huglo-Hodnanes og avgangar kvar halvtime. Dessutan må reisetilbodet til Bergen betrast, både når det gjeld ferje og buss. Bru til Huglo er ei anna viktig sak for Venstre.

Føregangskommune
Hatlevik nemner elles at partiet vil gjera Tysnes til ein førgangskommune for alternativ næringsutvikling innafor gardsbruk. Vidare må det stimulerast til nyskaping i eksisterande verksemder og tilretteleggjast betre for nyetableringar. Det bør opprettast eit vektshus for å fremja næringsutvikling, med tilbod om eit kontorfellesskap for pendlarar som har lyst og høve til å arbeida på Tysnes i periodar.

Tysnes Venstre vil ha felles barnehage for Uggdal og Tysnesbygda, lokalisert til Uggdal skule. Partiet vil at det skal verta lettare å få byggja utafor byggjefelt, og éin laurdag i månaden vil Venstre at offentlege kontor skal ha opningstid. Og eit ungdomsråd må opprettast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**