Vil ha offentleg finansiert tannhelsetjeneste

Venstre føreslo i fjor at tannhelsebehandling skal sidestilles med legebesøk slik at ein får ei refusjonsordning med eit eigenandelssystem. Dette vart nedstemt av regjeringspartia. Eg er glad Venstre har løfta fram denne saka, seier fylkesleiar og Radøypolitikar Sølvi Merete Mangerøy

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det er stor einighet om at det ikkje fins faglege grunnar til at tannhelsebehandlinga skal vera skilt frå anna medisinsk behandling. Det store spørsmålet er kven som skal betale. Venstre meiner at ei offentleg finansiering av tannhelsebehandlinga vil vera rettferdig for alle.

– Mange minstepensjonistar slit med dårlege tenner, mange med eteforstyrringar har svært dårleg tannhelse og enkelte må ta opp lån for å dekkje kostnadene ved behandling. I dag veit vi at eit forsøksprosjekt med å gje utsette grupper blant eldre og uføre gratis tannlegebehandling har vore vellukka, sier Gunvald Ludvigsen (V) i Helse- og Omsorgskomiteen

Mange med lav inntekt droppar tannlegebesøket med det resultat at problema og kostnadene veks. Venstre ønskjer at personar med inntekt under 2 G (under 120.000) skal få gratis tannhelsebehandling. Dårleg tannhelse er sosialt stigmatiserande. Det kan for nokre grupper hindre sosial kontakt og gjera det vanskeleg å skaffe seg arbeid. I tillegg er det ofte store smerter i samband med dårleg tannhelse. Den raudgrøne regjeringa har gått høgt ut på banen for å tette den sosiale ulikheten når det gjeld helse. Budsjettet til hausten vil vise om regjeringa meiner alvor.

Offentleg finansiering
– Venstre meiner at ei offentleg finansiert ordning knytta til tannhelsebehandling vil gi utsette grupper verdighet og sikra betre tannhelse for heile folket. Ei gradvis innfasing over tid vil vera den beste metoden, både for å sikre tilgang på nok tannlegar og for å få eit fastprissystem på linje med fastlegeordninga, sier helsepolitisk talsmann i Venstre Gunvald Ludvigsen.

– Venstre vil arbeide for ei rettferdig ordning med gratis tannhelsebehandling til dei som treng det mest og deretter ei gradvis overgang til ei ordning på lik linje med fastlegeordninga, sier Venstres Ludvigsen og får full støtte frå Sølvi Merete Mangerøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**