Venstre vil stanse øydinga av matjorda i Bø

Venstre går imot den politikken som fleirtalet i Bø kommunestyre står for i nedbygginga av dyrka jord. Med særleg Arbeidarpartiet og Senterpartiet har heilt reindyrka næringsinteresser vunne over allmenne omsyn til nærmiljø og jordvern.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det verste er nedbygginga av Grivi-garden nær Bø skule og nær Bø sjuke- og aldersheim m.v. Bø Venstre meiner at det i utgangspunktet var heilt gale at denne garden vart lagd ut til vanlege bustadtomter. Dersom garden likevel skulle byggjast ned, kunne det kanskje vore forsvarleg dersom arealet vart nytta til offentlege formål som skuleutbygging og utviding i samband med helse- og omsorgssektoren. Bandlegginga av eit villastrøk like ved til offentlege formål syner at vedtaket om Grivi-garden var svært lite gjennomtenkt. Det eine galne vedtaket om Grivi-garden blir prøvd retta opp att ved eit nytt uforstandig vedtak om bandlegging av hagar med gartnarjord i eit triveleg villastrøk.!

Det kunne nemnast mange døme på andre ufornuftige vedtak innan arealdisponering i Bø til dømes utbygginga av hytteområda på Jønnebu. Ein god del dyrka mark på Langkåshaugen og i Breisås, høveleg til matproduksjon, er og omdisponert heilt utan grunn sidan det finst marginale område elles i Bø som elles kunne vore sette av til bustadbygging.

Slik Bø Venstre ser det, er det mange grunnar for veljarane til hausten å sjå nøye på vallistene og dei folka som står der. Det er tydeleg at det trengst ein ny politikk i bygdestyringa for å råde bot på alt det skeive berre innan arealdisponering som me ser det har vore med det politiske fleirtalet me har i Bø i dag. Det er mogleg med eit politisk systemskifte til hausten etter at du som veljar har sagt ditt gjennom røystesetelen din !

Sveinung Astad og Birger Risnes,
styremedlemer i Bø Venstrelag

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**