Læraren er løysinga

I torsdagens BA forsvarer Eivind Nævdal-Bolstad Høgre sin skulepolitikk mot angrep frå Arbeidarpartiets Ronny Vestli. Debatten følgjer ein vant mal; AP gyv laus med innhaldslaust svada om ein einskapsskule som ikkje finst, medan Høgre set si lit til karakterar og privatskular.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Begge debattantar søkjer til gamle, trygge hamner som sikkert gagnar dei to partia, men som ikkje gjer mykje for å betre norsk skule.

Dokument, program

Dei ideologiske forskjellane mellom Arbeidarpartiet og Høgre er nok reelle, slik dei også er mellom Arbeidarpartiet og mitt eige parti. Venstre er derimot meir opptekne av innhaldet i skulen enn kven som eig han. Den dogmatiske haldninga til partia på høgre- og venstresida bidrar ikkje til ei løysing. Vestli frå Ap skryt av at partiet hans vil styrke lærarutdanninga, men dei gjekk imot Venstre sitt forslag om å auka henne til fem år. Høgre ønskjer høgare krav og karakterar frå femteklasse, men gløymer at også dei yngre elevane har bruk for tilbakemelding; Venstre vil gi fagleg tilbakemelding til alle elevar, ikkje gøyme oss bak ei tilfeldig satt karaktergrense og håpa at det løyser alle problem.

 enstre er meir opptekne av innhaldet i skulen enn kven som eig han, skriv Mæland.

enstre er meir opptekne av innhaldet i skulen enn kven som eig han, skriv Mæland.

Den norske skulen er ikkje ein av verdas beste, slik Arbeidarpartiet vil ha det til. Me bruker meir pengar enn dei fleste andre land, men ligg berre midt på treet i fagkunnskap. Løysinga på denne utfordringa er ikkje meir av Ap sin einskapsskule eller Høgre si naive tru på målingar åleine. Venstre ser etter konkrete tiltak og handfaste løysingar for å heve den faglege kvaliteten, og då må læraren stå i sentrum. Lærarutdanninga må bli tøffare, lengre, og meir prestisjetung, etterutdanninga av lærarar må bli systematisk og forpliktande, og me må overføra makt og mynde frå skulebyråkratar til skulen og den enkelte læraren.

Runar Mæland, ungdomskandidat for Hordaland Venstre

Innlegget sto på trykk i dagens BA

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**