Politisk informasjon er viktig!

Som politikarar må me bli meir bevisste på å prioritere investeringane å gå inn for å gjennomføre dei i den rekkefølgje tiltaka har blitt satt på dagsorden og fått sin plass i budsjett og planar som det har vore politisk semje om.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Nye investeringar må til ein viss grad finne seg i å stille i køen bak tiltak som er budsjettert med tidlegare, utan at dei har blitt realiserte, i nokre tilfelle som følgje av kommunen si økonomiske bereevne eller unntaksvis på grunn av mangelfullt plangrunnlag.

Døme på desse siste er skjerma eining på KOS og sentrumsplanen i Vrådal. Det er ikkje mi oppgåve å gå meir detaljert inn på kva for nye og kva for tidlegare budsjettpostar dette gjeld, og årsakene til at investeringane ikkje blir gjennomført i den rekkefølgje dei er vedtekne i budsjettsamanheng. Det overlet eg til politisk og administrativ leiing å orientere offentleg om på den måten og på det tidspunkt dei finn dette mest tenleg.

info2

Som politikar meiner eg det uansett er demokratisk rett å ha mest mogleg open informasjonsflyt ut til folk flest om dei fleste politiske avgjedsler og disposisjonar. I denne samanheng vil eg også oppmode folk om å stille opp på politiske møte der det er saker som er av interesse for den enkelte, og elles nytte seg av den moglegheiten det er for alle og ein kvar å melde spørsmål til kommunestyret sin spørjetime. Det er bare unntaksvis at enkelte saker blir handsama og vedtekne i lukka møte, noko som går fram av sakslistene.

-Det er viktig og betryggande at dykk som veljarar følgjer med på kva me som politikarar bestemmer på vegne av dykk som har vald oss.

Jon Ingebretsen
Kviteseid Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**