Båtbussar – bruk innkjøp til innovasjon

Venstre ynskjer at når det offentlege skal kjøpe varer og tenester, så skal det der det er høveleg fremje innovasjon og nyskaping.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alf Helge m/logo

Foto: Tor Blaha

Skal me realisere ordninga med båtbussar i regi av SKYSS, med tilskot frå det offentlege, har me i ein anbodsrunde eit glimrande høve til å etterspørje dei aller nyaste framlegga til miljøvenleg motorteknologi. Ordinære hurtigbåtar som til no har trafikkert fleire strekningar i fylket har høge utslepp per passasjerkilometer viss ein samanliknar med til dømes buss, men dette er mogleg å bøte på. Venstre ynskjer at båtbuss-prosjektet skal bli det reinaste og mest moderne i Europa.

På seminar arrangert av mellom anna Bergen Næringsråd har det vore representantar frå teknologi- og kunnskapsverksemder i regionen som har sagt at det finst ei rekkje miljøvenlege og banebrytande teknologiske løysingar som kan nyttast i transportsektor, men dette føreset at politikarane vaknar og etterspør dette. Elles blir det sjølvsagt ikkje produsert noko.

Daniel Ras-Vidal og Klaus Værnø, frå respektive NHO og Rederienes Landsforening, trekker i siste utgåve av fagbladet "Samferdsel" fram innføringa av gassferjer på stamvegnettet som ein suksess med tanke på den nyskapinga i norsk teknologi dette tvang fram. Dei etterlyser politikarar som tør utnytte det enorme potensialet offentlege innkjøp har i å fremje nyskaping. Venstre tar ballen og eg vil nytte dei høve fylkeskommunen har til å støtte utviklinga av miljøvenlege transportmåtar i Hordaland.

Alf Helge Greaker
Venstre
2.-kandidat Hordaland fylkesting

INNLEGGET STO PÅ TRYKK I NORDHORDLAND 15. MARS

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**