Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter er gruppeleiar for Venstre i fylkestinggruppa. Marit er også fast medlem i hovudutval for kultur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Marit Barsnses Krogsæter

Marit Barsnses Krogsæter

Eg er fylkesordførarkandidat for Sogn og Fjordane Venstre ved fylkestingsvalet. Eg er 59 år, gift og har fire vaksne barn. Eg bur i Florø. Eg har studert realfag og miljøfag ved UiB og jobbar ved Flora vidaregåande skule der eg underviser i matematikk og geografi.

Sidan valet i 2007 har eg vore gruppeleiar for Venstre på Fylkestinget, medlem i Fylkesutvalet og Samferdselutvalet. I perioden er eg også medlem av Rovviltnemnda i region 1.

Eg er optimistisk og løysingsorientert. Eg trur at det einskilde menneske er best i stand til å ta avgjerder for eige liv. Difor må vi sikre valfridom, men også gje dei som treng det den hjelpa dei treng.

Viktige saker for meg og som eg vil jobbe for:

Å føre ein politikk som gjer at folk ynskjer og bu og virke i Sogn og Fjordane. Det er då viktig og sjå utvikling av næringslivet i samband med samferdsel.
Samhandling mellom skulen og næringslivet.
At flest mogeleg av ungdomane som ynskjer det får bu heime medan dei går på vidaregåande skule.
At vi har eit godt tilbod tilpassa til den einskilde ungdom, slik at alle får utvikle evnene sine og at alle får ein plass i samfunnet der dei føler dei kan nytte evnene sine.
Utvikling og nytenking i kollektivtrafikken, med faste rutetider og god korrespondanse slik at den blir eit reelt alternativ.
At vi i all forvaltning tek omsyn til miljøet og naturen.

Trykk her og du kan sjå video av Marit Barsnes Krogsæter frå valkampopninga 15. august 2011.

Du må gjerne ta kontakt med meg på tlf. 909 98 121 eller på e-post [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**