Ordførarprosessen i Vinje og taktisk stemmegjeving

Børge Skårdal, Vinje Venstre sin 2. kandidat, kommenterar i dette lesarbrevet, som stod m.a. i VTB laurdag 10. sept, dei taktiske manøvrane kring ordførarvalet – før valet. Mange er med på manøvrane, men demokratisk er det ikkje, skriv Børge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Senterpartiet sin toppkandidat i Vinje har etablert ein fleirtalsallianse for å sikre seg ordførarposisjonen dei neste 4 åra. Dette kjem tydeleg fram frå avisomtale og NRK-Telemark.
Det er fortenstfullt at dette arbeidet bak kulissane kjem fram nå før valet.

På den andre sida må ingen bli overraska over at det skjer taktiske manøvrar og at hestehandelen skjer utafor Dyrsku-området. Dette skjer då ved kvart val, og velgjarane får i liten grad ta del i av desse prosessane, uansett kven som er aktørar. Det er derfor etter mitt syn knapt grunn til å kritisere SP i Vinje på prinsipielt grunnlag for å gjere dette, eller andre parti eller personar for den del. Men demokratisk er det ikkje.

Det eg heller vil påtale, er den taktiske stemmegjevinga ein del velgjarar har lagt seg på "for ikkje å kaste bort stemma si". For eit lite parti som Venstre har dette ved sist val medført at ein del har stemt på andre parti, spesielt SV, fordi ein ville sikre at Arne Vinje skulle halde fram som ordførar. Resultatet har blitt at Venstre ikkje har fått stemmer nok til ein representant i Vinje kommunestyre.
Eg veit at den same taktiske avveginga også blir gjort i år, men nå er situasjonen ein ganske annan:

Med den konstellasjonen som nå synest sikker i Vinje, vil ikkje fleire stemmer til SV kunne sikre framhald av noverande ordførar. Eg vil derfor oppfordre alle med Venstre-sympatiar til å stemme Venstre denne gongen.
Og skulle det vere nokon i andre parti, til dømes Senterpartiet, som har lyst til å stemme på Venstre, gjerne av taktiske grunnar, så gjer det. Vinje treng ein Oscar – i kommunestyret.

Børge Skårdal
Nummer 2 Vinje Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**