Inga løysning utan sprøyterom

Utan sprøyterom får vi ikkje noko løysing på narkotikaprobleamatikken i Nygårdsparken, meiner Erlend Horn (V). Onsdag kveld var det duka for narkotikadebatt på Kvarteret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Erlend Horn

Foto: Hildegunn Holtet

Universitetet sin næraste nabo er den største opne narkotikamarknaden i Europa, og miljøet i Nygårdsparken blir stadig hardare. Då Studentersamfunnet og Bergens Tidene inviterte til narkotikadebatt på Kvarteret i går var samtlege av paneldeltakarane einige om at det er bruk for kraftigare tiltak, men oppfattinga av kor problemet ligg og kva metodar ein må bruke for å få bukt med det var ikkje alle av dei like samde om.

— Kan vi ikkje berre bli einige her i kveld om at vi innfører sprøyterom?

Entusiasmen var stor i studentpublikummet då Bergen Venstre sin Erlend Horn tok mikrofonen. Kanskje overraskande rosa han Lisbeth Iversen for tiltakslysta ho viser i jobben som sosialbyråd og han er einig i hennar forslag om bustadar med tilsyn for dei narkomane, men i motsetning til Iversen ynskjer han både bustadar og sprøytrerom. Horn meiner det må vere summen av dei ulike tiltaka som kan gjere ein forskjell, for berre slik kan ein nå alle individa sine behov.

— Eg trur ikkje sprøyterom er løysinga på alt, men eg vil påstå at vi ikkje kan få noko løysing utan sprøyterom, seier Horn. Vi må tørre å legge frå oss dogme om kva som er riktig og gale å gjere.

Les saken i På Høyden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**