Tøft for framtidig storkommune

Erna Solberg signaliserer at det vil koma vedtak om ny kommunereform. I Valdres ligg mykje til rette for samanslåing av dei seks kommunane — som investerer meir enn nokon gong. Knekker vi nakken på storkommunen, før vi har han på plass?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Kommunesamanslåing er løysinga når fråflyttinga skyt fart og distrikta bukkar under. Då manar ein til samling av fagmiljø og slanking av offentleg sektor. Vi trur det så gjerne og er av dei som lenge har ynskt oss ei samanslåing av dei seks kommunane. I Valdres samarbeidar ein bra om mykje. Det komande lokalmedisinske senteret er døme på det. Men ikkje alle investeringane som per tid blir fatta i dei einskilde kommunane, synest like kloke.

Kommunesamanslåing blir det store politiske samtaleemnet i åra som kjem. Vi kjenner allereie retorikken og argumenta. Mindre kommunar maktar ikkje å halde tritt når staten skjerper krava til offentleg tenesteyting. Fagmiljøa er småe, og kommunane spelar seg ut som relevante samarbeidspartar og tilretteleggarar for private investeringskrefter.

At kommunesamanslåing skal bli billegare, er eit billeg poeng. Kommunereforma i 2007 i Danmark har ikkje ført til ein meir lønsam offentleg sektor. Utgiftene har gått mindre ned enn ein skulle tru, seier professor Harald Baldersheim i Nationen 24. september i år. Fire år etter at kommunereforma vart gjennomført, har dei samla gjennomsnittlege utgiftene gått ned med 300 kroner per innbyggar, seier han. Det er lite.

Gevinsten av ein kommunesamanslåing ligg fyrst og fremst i samling og styrking av fagmiljøa. Kultursjefar, agronomar, arealplanleggarar — alle sit dei i småe og sårbare arbeidsmiljø. Desse skulle ha mykje å tene på samling i større faggruppe og med nye tilførte arbeidsoppgåver. Resultatet ville vore meir handlekraft og større gjennomføringsevne. Dei seks kulturkontora i Valdres har evnene, men manglar krafta.

Kommunesamanslåing fører ikkje nødvendigvis til ein slankare kommuneøkonomi. Ikkje på kort sikt. Dette til trass, legg vi godt nok til rette for den høgst venta kommunereforma og for ein sunn økonomi for den framtidige Valdres kommune? Investeringsiveren i dei seks kommunane tyder ikkje på det.

For politikarar som øydslar av dei kommunale budsjetta i dagens seks valdreskommunar, kan det sjå ut til at dei ikkje maktar å sjå langt nok fram, til den dagen då storkommunen åleine sit med driftsansvaret for barnehagane og fleirbrukshallane og nærmiljøanlegga.

I desember 2011 opna ein etterlengta fleirbrukshall i Etnedal. Valdres Fotballklubb og andre regionale idrettsmiljø søkte seg raskt til den nye hallen. Frå før hadde ein som kjent Valdreshallen på Fagernes og idrettshallen på Helsesportsenteret på Beitostølen.

Men valdrisane ville ha meir. Året etter at fleirbrukshallen vart teken i bruk i Etnedal, vedtok politikarane i Nord-Aurdal bygging av fleirbrukshall på Leira. Og i 2013 vedtok politikarane i Vang og Sør-Aurdal å bygge to nye idrettshallar. Treng vi verkeleg seks idrettshallar i Valdres? Gjøvik har til samanlikning 2 ½ idrettshall fordelt på 30 000 innbyggarar.

I Øystre Slidre kommune har ein vedteke å bygge ny barnehage i Rogne. Prislapp: truleg rundt 30 millionar kroner. 10 kilometer lenger sør, i Skrautvål, ligg ein annan barnehage. Rett nok ikkje i Øystre Slidre kommune, men her er kapasiteten stor. Ungar frå Rogne ville heilt sikkert funne seg til rette også i denne barnehagen.

Sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv og med ei krevjande kommunereform i vente, er slike investeringar lite kloke, lite langsiktige. Snakkar ikkje ordførarar, politikarar og rådmenn saman?

Det er visst lønsamt å vera liten, om ein forstår smila hjå ordførarane i minikommunane rett. Men småkommunetillegg og kraftinntekter skapar ikkje anna enn investeringskåte småkommuner utan evne til å profesjonalisere og optimalisere drifta. Dette vil Venstre ha slutt på.

Venstre helsar moderne og framtidsretta regionkommunar velkomne. Venstre ynskjer dessutan tilskottsordningar som stimulerer til kommunesamanslåing, og som syrgjer for at store kommunar får tilført nye, spennande arbeidsoppgåver. Dette vil gje oss betre offentlege tenester og kommunar som meistrar rolla som samarbeidspart for kulturlivet, næringslivet og einskildmenneska.

Ole Aastad Bråten (Nord-Aurdal Venstre) og Ketil Kjenseth (stortingsrepresentant, Venstre)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**