PÅL FARSTAD TIL GOMERHUSET I SKODJE 25.MARS 2014

Ope møte for alle lokallag i M&R Venstre kl 17:00
Skodje kommune arrangerer NÆRINGSDEBATT i Gomersalen kl 18:00, ope for alle

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Til alle lokallag i M&R Venstre

No har eg akkurat kome heim frå Lokalpolitisk nettverks-samling i Ålesund, der Andre Skjelstad, Steinar Haugsvær og Pål Farstad, saman med mange dyktige Venste-folk frå fylket har laga ei flott og inspirerande samling. Difor er det ekstra kjekt å sende ut denne invitasjonen:

Tysdag 25. mars 2014 er det næringsmøte på Gomerhuset i Skodje, sjå program under.

Møtet tek til kl 18:00 og det vil vere innlegg frå fylkeslandbrukskontoret, stortingsrepresentant Pål Farstad, lokale bedriftseigarar, næringsutvikling ved Wenaas-gruppa, gründerverksemd/nyetablering ved Hopp ID og samfunnsutvikling ved Jørgen Amdam. Møtet avsluttar med paneldabatt leia av Amdam.

Kl 17:00, før næringsmøtet tek til, inviterer Skodje Venstre alle lokallagsrepresentantar som har lyst og høve, til eit møte med vår stortingsrepresentant Pål Farstad.

Møtet vert halde i Gomerhuset. Her har vi høve til å snakke politikk direkte med vår representant

Det viktigaste er å møtest, men aktuelle tema vil kunne vere:

Lokale saker de er opptekne av og som de vil dele med Pål og nabolaga

Saker som stortinget/sentrale Venstre arbeider med og som er viktige for vår region

Kommunereform og tankar rundt prosessen vi er i startfasen av

Listestilling og programarbeid fram mot kommune- og fylkestingsvalet 2015

Vi serverer gjerne kaffi/te og litt å bite i, difor er det fint om de sender ei melding på førehand om kven som kjem frå laget ditt til : [email protected] eller tlf/SMS til 99 70 58 56

Vel møtt på Skodje!

Helsing

Skodje Venstre

Kari Grindvik

Næringsdagen på Skodje den 25. mars
Program. Møteleiar ordf. /Planlegger kommunen
Tema Organisasjon Aktør
Landbruk Fylkesmannen Anne Berit Løseth
Landbruk Fylkeskommunen Ola Helge Haugen
Næring i Norge Venstre Pål Farstad
Næringslivet Peter Stette AS Peder Stette
Bustadbygging Bustadbygging Svein Arne Skotheim
Turisme 62` Nord/Destinasjonss Geir Vik
Næring Skodje Wenaas Jan Petter Larsen
Gründer Kunnskapsparken Arne Mehl
Pause 30 min
Samfunnsutvikling Høgskulen Volda Jørgen Amdam

Open debatt Møteleiar Jørgen Amdam
Paneldebatt: Pål Farstad, Peder Stette, Svein Arne Skotheim, Geir Vik,
Jan Petter Larsen, Arne Mehl

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**