Sosialdemokrati på 1-2-3 med Frank Willy

Frp-politikar Frank Willy Djuvik fortener honnør for å bevege seg bort frå slagorda og over på ein diksusjon om fakta i sitt ferske blogginnlegg i E39-saka.

Diverre syner hans utvalde samanstilling av fakta ein ny og litt urovekkande versjon av den tidlegare nytenkjande, endringsvillige liberalaren frå Florø. Frank Willy Djuvik 2.0 har blitt ein smålåten sosialdemokrat med hang til å forsvare det beståande. Vi får vone tilstanden ikkje er varig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Sveinung Rotevatn

For det første: Frank Willy Djuvik forsvarer med nebb og klør nyttemetodikken frå den avgåtte raudgrøne regjeringa: Førti års samfunnsnytte av veginvesteringar må vere meir enn nok – vi må for all del ikkje tenkje lenger.

Interessant nok er det berre to dagar sidan FWD jubla over Regjeringa sitt val av Hafast som lineval på Sunnmøre, i konkurranse med Fefast. La oss ta ein rask kikk på dei to prosjekta opp mot kvarandre med FWDs gamle sosialdemokratiske innfallsvinkel, som han meiner vi må bruke blindt i Sogn og Fjordane. K3 er her Hafast, K5 er Fefast:

E39 tabell

I FWDs tilrådde metodikk for traseval for Nordfjord (40 år, 4% rente) kjem Fefast langt, langt betre ut enn Hafast både i Netto nytte (NN) og Netto nytte pr budsjettkrone (NNB).

Kjære Frank Willy: Kvifor jublar du hemningslaust over valet av Hafast på Sunnmøre, sjølv om Fefast kjem langt betre ut med den gamle metodikken du meiner vi MÅ legge til grunn for traseval i Nordfjord? Kvifor vil du bruke ein totalt annan metodikk og logikk sør for Volda enn nord for Volda?

For det andre: Når Frank Willy Djuvik ser at midtre line gjennom Nordfjord gir betre samla netto samfunnsnytte (NN) gitt eit lenger tidsperspektiv enn 40 år (Frp sin eigen Samferdsleminister har sagt at han meiner nyttetida bør vere 70-75 år, noko Frp sin lokale koryfé Djuvik tydelegvis er usamd i, men la no det ligge), kastar han plutseleg inn på bana ein annan metodikk: Netto nytte pr budsjettkrone (NNB).

Netto nytte pr budsjettkrone er ein meiningsfull måte å rekne på i store investeringsprosjekt som ein ikkje er sikker på blir fullførde innan overskueleg tid – kanskje ikkje nokon sinne. Då er det særs viktig kva nytte ein får ut av “den første krona” – ikkje heile prosjektet samla. I det gamle sosialdemokratiske vegregimet – med små midlar og bitvis gjennomføring utan ein heilskapleg plan – er dermed FWD sin valde metodikk ikkje så dum.

Men slik er det vel ikkje lenger, er det vel, FWD? No har vi fått ei regjering som har evne og vilje til å gjennomføre dei investeringane dei seier dei skal gjennomføre – og gjere dei som samla utbyggingar innanfor ei gitt tid: 20 år eller kortare for Ferjefri E39 sin del. Då er det den samla netto nytten (NN) som tel. Vi treng ikkje lenger ta alle forbehalda som ein måtte i det gamle raudgrøne regimet – større investeringar med større samla nytte er nettopp det vi burde samle oss om, jmf Hafast på Sunnmøre. Viss då ikkje FWD veit ting om si eiga regjering si manglande gjennomføringsevne på samferdslesida som eg ikkje veit – det er eit forbehald ein er nøydd til å ta.

For det tredje: FWD framstiller det endå som om Statens Vegvesen sin gamle KVU-metodikk fortel den heile og fulle sanninga, og at det ikkje er nødvendig å gjere politiske vurderingar ut over dette: KVU er sanninga, enkelt og greit.

Her er FWD meir katolsk enn paven. Dette synet er no forlete av dei fleste andre – inkludert Statens Vegvesen sjølve og den nye Samferdsleminseren. Statens Vegvesen sitt Ferjefri E39-prosjekt har vore eit gjennombrot for ein ny måte å tenkje heilskapleg samfunnsnytte ved veginvesteringar på, der vi vektlegg mykje sterkare effektane av å skape større bu- og arbeidsmarknadsregionar (som midtre trase gjer i overlegent større grad).

I tillegg veit vi no at ny teknologi gjer brukryssingane i midtre langt rimelegare enn tidlegare (flytebruteknologi), at ferjekostnadene i framtida blir mykje høgare enn lagt til grunn i KVU-arbeidet, og ikkje minst at midtre trase vil utløyse kommunesamanslåing og redusere avstanden mellom flyplassar og sjukehus i ein skala som langt overgår dei små effektane av indre trase inne ved brekanten – men som ikkje er talfesta med verdi i kroner og øre i ein KVU.

Dette er ein del av bakgrunnen for at Statens Vegvesen sjølve i sine oversendingsbrev til departementet for sine oppdaterte KVU-tal, presiserer at denne rapporten ikkje er HEILE sanninga, men berre meint som ein del av eit samla avgjerdsgrunnlag for departementet. Det er ikkje Statens Vegvesens jobb fullt ut å analysere mulighetane for kommunesamanslåingar og strukturendringar for flyplassar, sjukehus etc. Men for ein politikar med eit samla samfunnsansvar, er det eig sjølvsagt ansvar.

Denne nye kunnskapen har vore viktig for Regjeringa sitt val av Hordfast i Hordaland, og for Hafast på Sunnmøre. Det har også ført til at Frank Willy Djuvik sine partifeller i Volda har snudd i synet på E39-trase sørover frå Volda, og at hans partifeller i Møre og Romsdal no ser på saka med heilt opne auge. Det store fleirtalet i Frp, inkludert partiet sin eigen Samferdsleminister, ser at verda går framover, og at vi må gå med den.

Det kler Frank Willy Djuvik relativt dårleg å stå i siste forsvarsline av det smålåtne sosialdemokratiets epoke i samferdslepolitikken, og jaggu tar han ikkje i slengen med seg eit forsvar for dei gamle papiravisene mot skumle nye sosiale media også. Djuvik skal iallefall ikkje kunne skuldst for ikkje å vere konsekvent.

Eg vil med dette ønskje den vanlegvis framoverlente og offensive Frank Willy Djuvik ei god påske, og velkomen etter til framtidas framstegsvennlege samferdslepolitikk.

Her kan du lese blogginnlegget til Frank Willy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**