17 millionar meir til buss og bane

Samferdselsdepartementet har fordelt ekstramillionane Venstre og KrF forhandla fram med regjeringa. Bergen får 17 av dei til meir buss og bane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Fylkesvaraordfører Mona Hellesnes er fornøyd med mer penger til kollektivtrafikken.

Fylkesvaraordfører Mona Hellesnes er fornøyd med mer penger til kollektivtrafikken.

Samferdselsdepartementet har no fordelt dei ekstra belønningsmidlane til kollektivtransporten i storbyane. Bergen får minst av storbyene, men både politikarar og samferdselsdirektør Håkon Rasmussen er likevel nøgd.

I samband med revidert nasjonalbudsjett i vår forhandla Venstre og KrF inn ei auke på 65 millionar kroner. Samferdselsdepartementet har no fordelt desse midlane mellom Oslo (29 millioner), Trondheim (18 millioner) og Bergen (17 millioner).

17 er betre enn null
– Dette kjem godt med. Statlige pengar må til for å styrke kollektivsatsinga i byane, og vi trenger kvar einaste krone. Heldigvis veks talet kollektivreisande i Bergen, men det gjer jo at vi treng meir pengar til å drifte tilbodet, sier Mona Hellesnes (V), som er varaordfører i Hordaland.

Med pengane kjem det krav om at dei skal nyttast til å få opp passasjertala på buss og bane, og samtidig få ned biltrafikk og forureining.

 Bystyrerepresentant Erlend Horn etterlyser mer satsing på miljøpolitikk fra byrådet.

Bystyrerepresentant Erlend Horn etterlyser mer satsing på miljøpolitikk fra byrådet.

Mener byrådet må skjerpe seg
Bystyrerepresentant Erlend Horn (V) er nøgd med forhandlingsresultatet, men anklagar byrådet for ikkje å følgje opp initiativet frå Stortinget.

– Bergen heng etter når det kjem til å prioritere miljøvennleg infrastruktur. Vi har eit byråd som alt for lenge har hatt biltrafikken som ei hellig ku. Resultatet er at både Oslo og Trondheim ligger betre an enn oss. Denne auken i kollektivmidler er berre ein start, men det forutsett at Bergenspolitikarane vert meir offensive i miljøpolitikken enn flertallet har vore så langt.

Også Hellesnes forutset at det kjem meir pengar seinare.

– Fylkeskommunen satsar offensivt på kollektiv, men jo fleire som tek bussen, jo meir kostea det det offentlege. For å nå våre eigne målsetnadar er vi avhengige av at nokon på Stortinget er garantist for meir pengar til kollektivtilbodet i byane. Jeg håpar Venstre kan ha den rolla framover, men det går ikkje om ikkje byrådet er med på laget, seier ho.

Les helie saka på BT.no her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**