Regionmøte for lokallaga i Nordhordland

Foto: Sigurd Rage (https://flic.kr/ps/28nPMw | CC BY-NC-ND 2.0)

Alle medlemmar i Nordhordland er velkommen til regionmøte måndag 16. mars kl. 18:30 i Masfjordnes kommunehus.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Venstrelaga i Nordhordland prøver å samlast av og til, for å diskutere ting som favnar utanfor berre våre eigne kommunegrenser. Det nærmar seg haustens kommuneval, og det kan vere nyttig med ei koordinering også med omsyn til valkampens innhald og utforming.
Vi inviterer difor alle medlemmar til eit lokalpolitisk regionmøte, denne gongen i Masfjorden kommune. Vi får óg besøk av fylkesleiar Geir Kjell Andersland.

Dato: måndag 16.mars
Klokkeslett: 18.30
Stad: Masfjordnes kommunehus

Aktuelle temaer: Valkampstrategi, kommunereform, lokallagssamarbeid. Det vil ellers og vere ope for andre innspel.
Enkel bevertning.

Sett av datoen og nytt høve til å verte betre kjent med lokallaga i nabokommunane!

Velkommen

Mvh Beate Eknes
Leiar i Meland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**