Ola Elvestuen til Sauda

Med partifelle i Sauda Venstre, Aslaug Astad og Jan Ringstrand som guidar fekk stortingspolitikar og leiar av energi- og miljøkomiteen, Ola Elvestuen (i midten) ei innføring i historia til smelteverket og Åbøbyen under sitt saudabesøk., Foto: Arvid Horpestad

Måndag 9. mars var stortingsrepresentant Ola Elvestuen i Sauda. Høvet var ein invitasjon frå grunneigarar i Åbødalen som ønskjer kraftutbygging innaføre verneplanen. Saka kan lesast i lokalavisa Ryfylke.

Industri stod på programmet – med blikket vendt både framover og bakover. Sauda har ei rik historie med særskild vekt på industrireisinga. Elvestuen fekk sjå Åbøbyen, Folkets Hus, kraftstasjonar av ny og gamal dato, og Almannajuvet – eit museumsanlegg signert arkitekten Peter Zumthor.

Ulikt andre einsidige industristader har Sauda framleis eit fabrikkanlegg i drift. Elvestuen møtte leiinga ved smelteverket for omvising på anlegget, og for møte der tema m.a. var miljøtiltak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**