Ber staten ta meir av Bybane-rekninga

Foto: Francisco Munoz

Venstre foreslår å auke støtta til utbygging av Bybanen til 70 prosent – Eg kryssar fingrar og håpar, seier fylkesordførar Tom Christer Nilsen (H).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

– Ein bør ikkje skilje mellom skinnegåande tog og skinnegåande bybane. Staten dekte 100 prosent av Inter-City-satsinga på Austlandet, medan bybanen til Lagunen blei bygd med lite statleg støtte. Andelen må opp, og det vil vere heilt avgjerande dersom me skal lukkast med å få bybanen ut til både Fyllingsdalen og Åsane, seier Venstres fyrstekandidat i Bergen. Erlend Horn (V) til NRK.

Venstre gjekk på landsmøtet i helga inn for å auke den statlege finansieringsdelen på skinnegåande trafikk frå 50 til 70 prosent. Det er sannsynleg at forslaget får støtte frå dei andre samarbeidspartia, meiner Horn.

– Eg reknar med at Høgre og Frp i dei store byane vil vere veldig interessert i at dei sentrale partia også vil meine det. Eg håpar dei vil dytte sine parti, slik at dette blir vedteke når forslaget kjem opp i arbeidet med Nasjonal transportplan, seier Horn.

– Staten må ta ein større del av kostnadane

Leiar for Bergen Frp, Eiler Macody Lund, er svært positiv til forslaget frå Venstre.

– Me har heile tida sagt at staten må ta ein større del av kollektivutbygginga. I alle år har Oslo fått dekka jernbaneutbygginga utan at det har kosta folk fem øre i bompengar.

Bergen Frp har forslaget på blokka når dei møter samferdselsministeren og partileiinga til landsmøte i mai.

– Viss me skal følgje regjeringas målsetjing om å auke kollektivtrafikken er det veldig viktig å få desse midla, slik at me kan setje fortgang i bygginga av bybanen, seier Macody Lund.

Høgre kryssar fingrane for forslaget

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) håpar partikollegaene sentralt vil støtte forslaget for at ein større del av bybaneutbygginga kan bli finansiert utan bompengar.

– Med 70 prosent finansiering vil bompengedelen bli mindre, og det vil bli lettare å gjennomføre ei utbygging. Eg kryssar fingrane og håpar at ein inn mot behandlinga av Nasjonal transportplan vil klare å skape eit breitt fleirtal, slik at me kan få noko meir pengar til bybaneutbygginga i Bergen.

Nilsen tek atterhald om at forslaget inneber friske pengar til å auke det statlege investeringstilskotet.

– Dersom ein tek av det som er sett av til bymiljøavtalar og brukar det til bane, kan det gå ut over andre tiltak som gang- og sykkelvegar og andre kollektivtiltak. Men i utgangspunktet er dette eit positivt forslag som eg håpar partiet sentralt vil stille seg positivt til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**