Billigare barnehage for dei som har minst

Fv. Randi Walderhaug Frisvoll (KrF), Kristian Stråmyr (V), Ewa Hildre (H) og Svein Harsjøen (FrP), foto: Haram Venstre

Frå 1. mai vil familiar med låg inntekt få redusert foreldrebetaling i barnehagen. Alle fortener ein god start i livet, og også familiar med lav inntekt må få ein reel muligheit til å ha barna i barnehagen.

No vert prisen for ein barnehageplass lågare for dei med låg inntekt.

Sjølv om maksprisen aukar med 100 kroner, vil nesten alle familiar med inntekt under 455 000 betale mindre enn før. Ordninga skal sikre at ingen familiar betalar meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Dess lågare inntekta er, dess billigare vert barnehageplassen. Dette er ledd i regjeringa og samarbeidspartia si barnehagesatsing som òg omfattar fleire plassar til fleksibelt opptak og tiltak for å heve kvaliteten.

Helsing ordførarkandidatane i Haram for Høgre, Framstegspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**