Bergit Myrjord sitt lesarinnlegg om den økonomiske situasjonen i Bø kommune

Bergit Myrjord , Foto: Evy Beate Tveter

Økonomisk snuoperasjon krev grunnleggande endringar.

Bø Arbeidarparti sin ordførarkandidat, Glenn Isaksen, seier i intervju i Varden den 1. juni d.å. at Bø treng ein betre økonomisk kultur og viser i den samanheng til at Bø kommune var ute av ROBEK-lista i 2009.

Realiteten er at Bø kommune stort sett har vore på den såkalla ROBEK-lista (Register om betinga godkjenning og kontroll) heilt sidan ordninga starta i 2001. Over svært lang tid har Bø kommune bruka meir pengar enn det reelt sett har vore inndekning for. I største delen av denne tida har Arbeidarpartiet hatt ordføraren i Bø.

Så er det rett at i 2009 kom Bø kommune ut av ROBEK. Og kva var så årsaka til at det dette året gjekk så mykje betre? Svaret er at drifta var like dyr som før, men pga bygging av Bø skule fekk ein stor refusjon av meirverdiavgift som blei lagt rett inn i drifta og bruka til nedbetaling av tidlegare åres meirforbruk. Historia viser at det hjelper lite med slike eingongspengar når ein ikkje samtidig tek politiske grep for å effektivisere drifta og få eit nivå på tenestene som harmonerer med inntektene. Det blei ikkje gjord i 2009.

Mange kommunar gjorde som Bø og bruka pengar frå refusjon av meirverdiavgift ved investering inn i drifta og mista dermed på mange måtar kontroll på økonomien. Reglande er nå endra slik at dette ikkje lenger er mogleg. Nå går refusjon av meirverdiavgift direkte til nedbetaling på investeringa.

Jobb nr 1 denne perioden har vore å få orden på økonomien. Bø kommunen har mange og store oppgåver, og vi veit frå samanlikning med tilsvarande kommunar, at det bør vere mogleg å drive i balanse og med tilfredsstillande tenestenivå. Vi treng gode og tydelege leiarar med eit klart mandat frå politisk nivå. Derfor har arbeidet med økonomi og leiarskap vore eit av hovudområda i denne perioden. Det har vore ein tøff omstillingsperiode for alle delar av organisasjonen. Det har vore eit svært godt samarbeid med leiarar, fagorganisasjonar og tilsette. Det gjer at når vi etter planen går ut av ROBEK ved utgangen av 2016, gjer vi det på eit sunt økonomisk grunnlag. Det vil på sikt gi oss større økonomisk handlefridom og mulighet til å bygge opp fond til å møte nye utfordringar.

Bergit Askildt Myrjord

Bø Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**