Valprogram 2015 – 2019

Tiltak som er gjennomførte eller sette i gang i perioden 2011 – 2015:

    • byggjeklare tomter er på plass
    • den negative folketalsutviklinga har stoppa og tal innbyggjarar har auka
    • symjebassenget på skulen er rusta opp
    • nytt møna tak på skulen er under arbeid
    • vegen til Tveito og vegen i Folkedal er opprusta
    • det er sikra ei meir stabil lækjarteneste gjennom samarbeid med Ulvik og Eidfjord
    • auka satsing på heimebaserte tenester i pleie og omsorg
    • har lagt til rette for at Masterclass Hardanger har fått ein hovudbase i Granvin bygdatun
    • har skaffa betre lokale for biblioteket
    • arbeidet med flaumsikring av Granvinselva er kome i gang
    • har gjennomført ei utgreiing av eit mogeleg oppvekstsenter
    • Mål i perioden:

    • Det er viktig for Granvin å auka folketalet. Då er trivsel, gode tenester og eit godt bumiljø av særleg vekt – både for dei som tenkjer på å flytta hit og for dei som alt bur her. Måla under meiner Venstre skal bidra til dette
    • Valprogram for Granvin Venstre 2015 – 2019

    • oppretthalda tenestenivå og kvalitet på dei nære tenestene til innbyggjarane
    • samla barnehage og skule i eitt bygg til eit oppvekstsenter dersom ein ser at dette vil sikra eit godt tilbod for framtida innan barnehage, skule og skulefritidsordning
    • arbeida for ein felles ungdomsskule for Eidfjord, Ulvik og Granvin her i Granvin
    • sikra at dei med særskilde behov får høve til eit meiningsfullt liv
    • arbeida for å oppretthalda standarden på dei kommunale vegane for å sikra busetnaden i heile heradet
    • heradet må leggja til rette og vera ein støttespelar for næringslivet
    • Venstre vil verna om matjorda. Det er viktig for landbruket og for at alle deler av landet kan bidra til ein nasjonal matproduksjon
    • leggja til rette for ein variert aktivitet innan leik og idrett på utearealet ved skulen/kunstgrasbana
    • utvikla «Kulturbanken»(bankbygget) til ein møtestad for bygdafolket, med utgangspunkt i bibliotektenesta
    • vil ta vare på natur- og kulturverdiane i heradet, som har mykje å seia for trivsel, livskvalitet og folkehelse for innbyggjarane
    • oppretthalda dei kommunale kulturmidlane og halda fram det gode samarbeidet med lag og organisasjonar. Frivillig arbeid er avgjerande for trivsel, aktivitet og framgang i bygda
    • leggja til rette for at Granvin kan busetja flyktningar
    • kommunereforma: Venstre meiner Granvin bør slå seg saman med ein eller fleire av nabokommunane slik heradsstyret har vedteke, og vil prioritera å arbeida vidare for alternativet med Eidfjord, Ullensvang og Ulvik
    • arbeida for ei utbetring av fv 7 for ei god trafikkavvikling i påvente av eit sikrare aust – vest samband, og påverka til at ny jernbane Voss-Arna og E 16 vert prioritert
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**