Om Meland Venstre

Meland Venstre er eit av dei eldste lokallaga i Meland. I dag har vi i underkant av 30 medlemar.

Dei eldste skriftlege protokollane vi har i Meland Venstre, syner at laget vart skipa i 1871, på garden Bjørnestad i Meland. Då under namnet Meland Bondevenforening, og med 40 medlemar tilknytt. Allereie i desember same året, talde foreininga heile 57 medlemar.

Meland Venstre: då og no
Bilete: Charles Lindberg

23. august i 1884 kom medlemane saman om å utforma nye vedtekter, og foreininga fekk nytt namn, Hamre Venstreforening, som viser til prestegjeldet som Meland på dette tidspunktet sokna til.

Men det er fyrst ved Årsmøte i 1885 at ein finn namnet Meland Venstreforening, då det i årsskiftet vart gjort ei endring i dei gjeldande prestegjeld; ikkje ulikt notidas kommunereform som det i dag forhandlast om i heile Noreg.
Fyrste valde formann under namnet Meland Venstreforening, var Knut Haatuft.
I vedtektenes paragraf 1, i 1885, er det tydeleg at Meland Venstreforening har staka ut noko av den kursen vi framleis er tufta på i dag; kristelege og nasjonale verdiar, og foreininga “har til Formaal at virke for Folket”. I dagens Venstrelag er mottoet til moderpartiet nettopp “Folk Først!”.

Vidare heiter det i vedtektene at foreininga vil “arbeide for politisk og almen Oplysning”. Dette er ei grunnleggande målsetjing, også for dagens Meland Venstre. Politikk skal etter vår meining vere open, ærleg og inkluderande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**