-Vil ha ballbingar på skulane

Frode Hervik, ordførarkandidat og Ståle Villanger 3. kandidat for Radøy Venstre, Bård Mangerøy

-Radøy Venstre etablere ballbingar på uteområda til Manger skule og Hordabø skule for å leggje betre til rette for fysisk aktivitet og auke kvaliteten på uteområda. Det seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat og Ståle Villanger, Radøy Venstre sin 3. kandidat.

-Ballbingane vil samstundes kunne vere ein møteplass for uorganisert aktivitet på ettermiddags- og kveldstid for barn og unge. Både Manger skule og Hordabø skule ligg rett ved større bustadområde, og vil såleis i større grad kunne verte møtestadar i lokalmiljøet for ballspel, seier Villanger.

Ein ballbinge vil koste om lag 450.000-500.000. Av desse vil ein få halvparten i spelemidlar, og ein innsats til ein verdi av 100.000 kan gjerast på dugnad. Restkostnaden vert dermed om lag 125.000-150.000 per ballbinge.

-Radøy kommune har dårleg råd, men rundt 300.000 på investeringsbudsjettet til to ballbingar skal me greie å få til, dersom foreldrene er villig til å gjere ein dugnadsinnsats. For å få fart på Radøy må me spele på lag, seier Hervik.

-I dag er det ballbinge på Sæbø skule og i nokre bustadfelt, men det er absolutt behov for fleire. I tillegg til etablering av ballbingar på skulane, bør kommunen oppmode velforeiningar og grendelag til å etablere slike nærmiljøanlegg. Dei vil også ha høve til å søkje tilskot frå ulike stiftingar til slike tiltak, avsluttar Hervik.

http:Les sak i Nordhordland//www.nordhordland.no/val2015/nyhende/radoy/vil-ha-nye-ballbingar/s/5-33-26595

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**