– Landbruket i Sogn og Fjordane treng raske avklaringar: Venstre utfordrar Sogn og Fjordane Høgre

Fylkesleiar og fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang
Foto: Vidar Helle

– Landbruksmeldinga slik ho er lagt fram av Høgre/Frp-regjeringa er ikkje akseptabel for landbruket i Sogn og Fjordane. Det er no viktig at vi gir klar beskjed til Stortinget om kva følgjer ein del framlegg i meldinga får, slik at bøndene i Sogn og Fjordane snarast kan få tryggleik om framtidige rammevilkår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Det seier fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang. Ho gir følgjande utfordring til fylkesårsmøtet i Høgre i helga på saker Venstre vil ha endra i meldinga som er lagt fram:

 

  1. Dei fire overordna måla Stortinget har sett for landbrukspolitikken må stå fast: Mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og bærekraftig landbruk.

– Venstre kan ikkje godta at desse vert skubba til side av eit nytt mål om “kostnadseffektiv matproduksjon”. Å setje eit slikt mål betyr i praksis ei dramatisk flytting av norsk landbruk bort frå fjordane på Vestlandet og vil dempe investeringsviljen blant bøndene i Sogn og Fjordane kraftig, seier Gunhild Berge Stang.

 

  1. Ingen vesentlege endringar i dagens marknadsreguleringsordningar

– Marknadsreguleringsordningane er viktige for ein del nisje-næringar i landbruket i Sogn og Fjordane, ikkje minst geitenæringa. Sogn og Fjordane Venstre kan ikkje sjå at Regjeringa fører fram gode argument for å avskaffe desse ordningane – som er viktige for mangfaldet og breidda i distriktslandbruket.

 

  1. Styrke, ikkje svekke avløysarordninga.

– Framlegget om å erstatte avløysarordninga med “dyretilskot” er i praksis ei flytting av ressursar bort frå dei små og mellomstore bruka på Vestlandet. – Gode velferdsordningar med høve til ferie og fritid på linje med oss andre er avgjerande for å få ungdom til å satse på landbruket. Venstre vil snarare styrke enn svekke avløysarordninga, seier Gunhild Berge Stang.

 

  1. Større regional fridom til investeringar i landbruket

– Venstre vil gi meir, ikkje mindre makt til nye folkevalde regionar. Vi er difor sterkt usamde i framlegget om å ta frå “fylkes-partnerskapen” fridom og verkemiddel til å tilpasse investeringsstrategien i landbruket til sitt område, og sentralisere dette.

 

– For Venstre er det eit ufråvikeleg krav at det skal vere lønsamheit også i små og mellomstore bruk på Vestlandet i framtidas landbruk – og i å drive kombinasjonsjordbruk.

 

– Det er sjølvsagt også andre framlegg i meldinga som Venstre vil sjå kritisk på, mellom anna regioninndelinga for mjølkekvoter, men som ein start vil eg

utfordre Sogn og Fjordane Høgre til å slutte seg til dei fire punkta over. Ei eintydig melding frå partia i Sogn og Fjordane med stortingsrepresentantar vil vere ein stor styrke i arbeidet Stortinget no skal til med på landbruksmeldinga, seier Venstre sin fylkesleiar Gunhild Berge Stang.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**