Førarlause el-bussar i rute i kommunen vår?

I Time kommunestyre 7.2.2017 blei det av venstre sin representant, Bjarte Solheim, meint at førarlause el-bussar er det som skal til å få opp antal avgangar med buss i Time kommune. Spørsmåla til ordføraren frå Solheim var:

Har ordføraren på vegne av Time kommune tenkt på å få utreda moglegheita for el-bussar utan førar? Eventuelt kontakta fylket om ein kan få økonomisk støtte for ei slik løysing?

Svaret frå ordførar blei:

Svar på spørsmål frå ordføraren – el-bussar utan førar

 

Representanten Bjarte Solheim, V, stiller spørsmål om el-bussar utan førar.

Førarlause bussar vil opne for nye og rimelegare kollektivtilbod om de fungerer etter intensjonane, og ordføraren vil vere pådrivar for at Time kommune skal ta del i denne utviklinga.
Time kommune har vedteke eit strengt regime for parkering i Bryne sentrum, for mellom anna å stimulere til auka bruk av kollektivtilboda. Det er då sjølvsagt viktig at der er reelle kollektive alternativ til bruk av bil.
Sjølvgåande bussar vil i så måte vere eit godt alternativ.

I arbeidet med revidering av arealdelen til kommuneplanen vil kollektivtrafikk, busstrasèar og kollektivfelt vere eit sentralt tema. Det er naturleg at kommunen i den samanheng ser på moglegheitene for å utnytte ny teknologi.

Førarlause bussar er ein heilt ny teknologi som skal testast ut på ei 4 km lang sløyfe på industriområdet på Forus. Dette er det første prøveprosjektet i Norge, og er eit offentleg-privat-samarbeid mellom Forus næringspark, Kolumbus og Forus PRT.
Det vert arbeida med eit regelverk som opnar for at de kan få køyre på norske vegar.

Buss- og rutetilbodet i Rogaland er langt på veg styrt av Kolumbus, som er med i prøveprosjektet på Forus. Ordføraren finn det mest riktig å avvente erfaringane frå Forus.
Dersom dette blir vellukka, vil ordføraren ta initiativ for å få ein førarlaus el-buss i rute Bryne – Lye.

Med helsing

Reinert Kverneland
ordførar

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**