Ein gla’dag for distrikta

Fylkesordførarkandidat, Anne-Beth Njærheim, og ordførarkandidat Stord, Geir Angeltveit.
Fylkesordførarkandidat, Anne-Beth Njærheim, og ordførarkandidat Stord, Geir Angeltveit., Foto: Magne Langåker

Hordaland får færre takstsonar

Hordaland fylkesting har i dag vedteke at talet på takstsonar skal reduserast frå dagens 470 til 7, med innføring frå 2018. Sak om sonestruktur er viktig av fleire grunnar, ei av dei er forenkling.

Hordaland Venstre har i fleire periodar hatt dette som mål i sine valprogram og er såleis veldig glad for at det endeleg vert realisert.

  • Med å gjere det enklare for alle i heile Hordaland å ta kollektiv, så bør det legge til rette for at fleire reiser kollektiv, seier Anne-Beth Njærheim, gruppeleiar for Venstre på fylkestinget.
  • Me kan ikkje kvar gang sei at det er så få som nyttar kollektiv i distriktet, derfor prioriterer vi ikkje verkemiddel som stimulerer til meir kollektivbruk i distriktene, seier Geir Angeltveit, medlem av fylkestinget og utval for miljø og samferdsle.

 

Ny takstsonesstruktur i Hordaland
Nye takstsonar i Hordaland
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**